Ny bok: Gud for kvarmann
Universitetsforlaget gjev no ut boka "Gud for kvarmann. Kyrkja og den nye religiøsiteten" av professor Per M. Aadnanes ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag (RLK), AHL. Denne boka fortel historia om møtet mellom norsk kyrkjekristendom og den nyreligiøsiteten som gjorde seg gjeldande her til lands frå ca. 1970 og fram mot tusenårsskiftet.
![]() | Det er ei spennande og til dels dramatisk utvikling på livssynsfronten som blir fortalt. Møtet mellom kyrkjekristendommen og nyreligiøsiteten blir skildra både i eit breitt format gjennom desse tre tiåra, og på grundigare og utdjupande vis for nokre utvalde tema, som t.d. meditasjon, okkultisme, alternativ medisin, satanisme og New Age. Hovudinteressa er heile tida retta mot den responsen som dei ulike uttrykka for denne nye religiøsiteten fekk i kyrkjelege miljø, og dermed mot dei utfordringane kyrkja opplevde i møtet med det nyreligiøse mangfoldet. Framstillinga kviler i det vesentlege på studium av skriftlege kjelder, i stor monn på innslag i avismedia, men også på bøker andre publikasjonar frå kyrkjeleg og nyreligiøst hold. |
I tillegg til at denne boka vil ha interesse for eit allment lesande publikum, er ho også skriven med tanke på studiebruk innanfor KRL/RLE, religionsvitskap og teologi.
Boka er resultatet av eit forskningsprosjekt Aadnanes har arbeidd med sidan 2002. Prosjektet har også vore HVO sitt bidrag i samarbeidet med Stiftelsen Kirkeforskning (KIFO).
Per M. Aadnanes er professor i systematisk teologi, og har tidlegare gjeve ut bøker om livssyn, norsk livssynsdebatt og New Age.
Per M. Aadnanes: Gud for kvarmann. Kyrkja og den nye religiøsiteten.
Universitetsforlaget. 416 s. ISBN 978-82-150-1392-3.