Norsk historie 800 - 2000
Ved tusenårsskiftet står det norske samfunnet fram som eit samfunn i<br>
sterk endring. 6-bandsverket Norsk historie frå Det Norske Samlaget viser prosessane som har ført oss hit. Professor Jostein Nerbøvik har skrive ei av bøkene.
Norsk historie 800 - 2000
Dette skal vere den første samla framstillinga som fører norsk historie fram til tusenårsskiftet, og omfattar 6 band med totalt 6000 sider. Band 5 "1860-1914" er skrive av professor Jostein Nerbøvik ved HVO. Dei andre forfattarane er Jon Vidar Sigurdsson, Geir Atle Ersland, Hilde Sandvik, Ståle Dyrvik, Tore Pryser og Berge Furre
Band 5: 1860-1914
Denne boka handlar om overgangen frå eit tradisjonelt jordbrukssamfunn i
oppbrot til eit moderne industri- og klassesamfunn og ein gryande velferdsstat. Eit gjennomgåande tema er spenninga mellom by og land, og mellom tradisjon og innovasjon. Sentralt i framstillinga står omskiftet frå embetsmannsstat til venstrestat, og særleg drivkreftene bak innføringa av parlamentarismen, demokratiseringa og det opne, kommunikative samfunnet. Folkedanningstradisjonen,organisasjonsvoksteren og tevlinga mellom ulike nasjonsbyggingsprosjekt får stor plass. Perioden for boka er utvida i høve til tidlegare utgåver, og framstillinga er prega av nyare forsking, særleg om nasjonal identitet og nasjonsbygging.
Jostein Nerbøvik
Fødd 1938 i Volda, dr. philos. professor i historie ved Høgskulen i Volda. Medredaktør for Venstres hundre år (1984, saman med Ottar Grepstad), redaktør for Kilder til norsk historie 1560-1940 (1968) og Profiler i norsk historie(1969). Har m.a. skrive Antiparlamentariske straumdrag i Noreg 1905-1914 (1969),Bondevener og andre uvener (1979), Bønder i kamp (1991) og to band av Volda-soga: Krigsår og motstandsvilje 1940-1945 (1996) og Holmgang med havet 1838-1914 (1997).
Les meir:
http://www.samlaget.no/historie/