Noregs Forskingsråd vitjar Volda
Onsdag 6. juni kjem ei gruppe på 8 forskingsleiarar og administratorar frå NFR sitt Program for velferdsforsking til Volda for å sjå nærare på forskingsmiljøet på dette området ved høgskulen og Møreforsking. <br>
<br>
Delegasjonen, med forskingsleiar Aksel Hatland i spissen, vil møte leiarane for HVO og Møreforsking, samt forskarar ved ulike prosjekt innan velferdsforsking. Prosjekta arbeider med emne som psykisk helsevern, elevar opptekne på særvilkår i vidaregåande skule, ungdom og marginalisering, barn og media.
Voldamiljøet hevda seg godt i konkurransen om midlar då det nye velferdsprogrammet vart starta opp i fjor. Difor er det svært positivt at NFR no ønskjer nærare kontakt med forskingsmiljøet.
Forskingsrådet har bestemt seg for å støtte tre prosjekt i Volda innanfor sektoren samfunn, familie, oppvekst. - Det er svært god utteljing for vårt miljø, seier rektor Stave.
Les meir:
http://www.hivolda.no/cgi-bin/arkiv?id=441