Nøgd med Forskingsdagane 2014
19.–23. september arrangerte Høgskulen i Volda Forskingsdagane. I løpet av fem dagar kunne du få med deg 22 arrangement spreidd utover 5 kommunar.
For fleire bilde frå Forskingsdagane 2014, sjå Facebook-albummet til høgskulen.
Koordinator for Forskingsdagane 2014, Geir Tangen, er godt nøgd med årets arrangement. – Det har vore mange gode og varierte faglege foredrag og innlegg som har synleggjort den omfattande FoU-aktiviteten ved Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. Totalt har det vore 1.250 deltakarar på dei ulike arrangementa, noko vi er godt nøgde med.
Nye arrangementformer
På programmet i år var det mellom anna jazzseminar, foredrag om selfies, samfunnshistorisk vandring, matkultur i Volda Bygdetun, framlegg frå masterstudentar og krisekommunikasjonsseminar.
– I tillegg til tradisjonelle innslag under Forskingsdagane i Volda, prøvde vi i år også ut arrangementforma Pecha Kucha og vising av dokumentarfilm på Rokken. Dette har vi fått særs positive tilbakemeldingar på, og ein skal ikkje sjå vekk i frå at vi vil halde fram med dette neste år.
Takk!
Høgskulen i Volda har hatt eit godt samarbeid med mange ulike lokale og regionale lag og organisasjonar. Mellom anna Jazzklubben Volda Ørsta, Eldreuniversitetet, Kulturminnedagane 2014, Aasen-tunet og Runde Miljøsenter, for å nemne nokon.
– Tusen takk til alle samarbeidspartnarar, foredragshaldarar, innleiarar og alle andre medverkande ved Høgskulen i Volda, Møreforsking Volda og SfS for vel gjennomførte Forskingsdagar!