Møreforsking ved ei rundingsbøye
I nær 30 århar Bjørn Stave vore ein aktiv deltakar i utviklinga av forskings- og utdanningsmiljøa i Møre og Romsdal, og han har gjort ein stor og viktig innsats i å bygge opp Møreforsking. Ringen vart slutta ved at Bjørn fekk på plass ei ny organisering, nye eigarar og ny leiing som skal føre Møreforsking inn i framtida. Med verknad frå 1. januar 2008var etablering av Møreforsking AS ein realitet, og dei tre høgskulane i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylke kom inn som direkte eigarar, samtidig som Roar Tobro tok over som ny direktør.
Styreleiar Bjørn Berge takkar avtroppande direktør Bjørn Stave for innsatsen.
Seminaret vart innleia ved at direktør Bjørn Stave drog opp nokre hovudlinjer i Møreforsking si historie og utvikling. Vidare vart nokre prosjekt som har vore sentrale i Møreforsking si faglege utvikling og posisjon som forskingsinstitusjon gjennomgått og diskuterte. Her bidrog professor/rektor Jørgen Amdam (Høgskulen i Volda), professor Arild Hervik (Høgskolen i Molde) og forskingsleiar Agnes Gundersen (Møreforsking Ålesund) gjennom sine innleiingar med interessant prosjekthistorie.
Dette vart følgt opp med debatt om regionalt forankra kunnskapsutvikling og forsking i dag, basert på innleiingar av divisjonsdirektør Lars Espen Aukrust (Norges forskingsråd) og fylkesdirektør Ottar Brage Guttelvik (Møre og Romsdal fylke).
Seminaret vart avrunda ved at Bjørn Stave vart takka av for sin innsats i Møreforsking av styreleiar Bjørn Berge.
Tekst og foto: Møreforsking Volda ved Marit Eliassen