Millionprosjekt til Møreforsking Volda

- Noregs Forskingsråd har tildelt Møreforsking Volda eit prosjekt på i alt kr 2 millionar for åra 2005-2006. Dette er ei vidareføring av prosjektet "Kommunikativ planlegging og utvikling" som vart starta i 2002, melder forskingsleiar Johann Roppen.

Jørgen Amdam er leiar for prosjektet, som involverer omlag like mange forskarar på Møreforsking Volda som på Høgskulen i Volda.

Prosjektet er av typen Strategisk Instituttprosjekt (SIP) og har som føremål å styrke og vidareutvikle fagleg sterke forskingsgrupper i instituttsektoren.

- Dette er både ei fagleg anerkjenning av arbeidet som har vorte gjort innanfor forskingsområdet kommunikativ planlegging og dessutan at Møreforsking Volda har drive første delen av prosjektet på ein god måte, seier forskingsleiar Johann Roppen i ein kommentar.

Meir:
http://www.moreforsk.no/volda.htm

Del på: