Metodeforum med forskingsformidling i fokus

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Ph.d.-studiet i helse og sosialfag: Profesjonsutøving – vilkår og utvikling er eit samarbeid mellom høgskulane i Volda og Molde. Torsdag 20. september møtes kandidatar, fagfolk og rettleiarar til Metodeforum i Volda med midtvegsvurderingar og seminar om forskingsformidling og forholdet til journalistar.

– Metodeforum er ein arena der vi diskuterer ulike relevante problemstillingar og forumet er eit møtepunkt som skal gjere studiet betre både for kandidatane, rettleiarane og dei fagleg tilsette som underviser på programmet, seier førsteamanuensis Kjartan Leer-Salvesen ved Høgskulen i Volda (HVO).

Metodeforum legg opp til fire samlingar i året. På samlinga i Volda 20.-21. september er det 54 påmelde. Av desse er det 20 stipendiatar. I løpet samlinga skal fire av kandidatane ha ei midtvegsevaluering der dei får gode råd og tips om korleis dei kan arbeide målretta mot ferdigstilling av doktorgradsavhandlinga si på normert tid.

Midtvegsvurderingar

– Midtvegsvurderingane er lagt opp slik at kvar kandidat held ein «prøvedisputas» i plenum med ein påfølgande evaluering av bedømmelseskomiteen. Denne gongen har vi tema som spenner frå rusforsking og pasientars tillit til helsevesen til pilegrimsvandringar og palliativ omsorg til barn med døyande foreldre. Tilbakemeldingane har vist oss at studentane opplever desse tilbakemeldingane som svært nyttige.

– På seminaret set vi av ein heil dag til forskingsformidling og forskingsjournalistikk, seier førsteamanuensis Kjartan Leer-Salvesen.  

Forskingsformidling og forskingsjournalistikk

– Formidling er ein av kjerneaktivitetane til forskaren. Ofte er det slik at dette viktige samfunnsoppdraget kjem i skuggen av forsking og undervisning, og det er eit tema som ofte får lite merksemd i opplæring og kurs. På seminaret set vi difor av ein heil dag til forskingsformidling og forskingsjournalistikk, seier Leer-Salvesen.

Professor Harald Hornmoen ved Institutt for journalistikk og mediefag ved OsloMet kjem for å halde foredrag om forskingsjournalistikk og -kommunikasjon.

Temadagen om forskingskommunikasjon er eit samarbeid mellom Ph.d.-studiet og Avdeling for mediefag.

– Vi har også fått med oss 20 journaliststudentar for å intervjue alle ph.d.-kandidatane om prosjekta sine. Slik får både forskarane og journalistane verdfull øving, seier førsteamanuensis Kjartan Leer-Salvesen.  

 

Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda.

Del på