Melsomprisen og biografi om Hans Skjervheim
Det svingar rundt Jan Inge Sørbø. Laurdag 28. april fekk han Melsomprisen for boka <B>Over dype svelg.</B> I tillegg har Det Norske Samlaget bedt han skriva ein biografi om Hans Skjervheim.
- Det Norske Samlaget har bede meg om å skriva biografi om Hans Skjervheim, eit arbeid eg tek sikte på å starta opp 1.1 2001. Kor lang tid eg kan bruka på den, er uklart førebels, det kjem an på kva slags finansiering vi kjem fram til, seier Sørbø.
Førsteamanuensis Jan Inge Sørbø
Hans Skjervheim utdanna seg til filosof i miljøet kring Arne Næss på 50-talet, og spela ei stor rolle i det filosofiske miljøet frå omlag 1960, i forhold til ideologikritikken og seinare marxismen på 70-talet, og engasjerte seg sterkt mot målstyringsideologien på 80-talet. Mest kjend er han kanskje for oppgjeret med positivismen i samfunnsvitskapane, og for essayet "Deltakar og tilskodar".
- Melsomprisen delte eg med Ingar Sletten Kolloen. Eg fekk prisen - 20 000 kroner - for boka "Over dype svelg". Eit essay om Ronald Fangens aktualitet, som kom på Gyldendal i fjor. Juryen legg vekt på boka både løfter fram ein forfattar som interessant og aktuell, og samstundes leverer ein skarp kritikk av måten den litterære ålmenta kan fungera på - ved å slå litterære perler ut med skyljevatnet, som dei formulerer det.