Med på laget bak innovasjonspris
Folvengaard AS vann tysdag Landbrukets innovasjonspris. Dei er ein del av algeprosjektet Algae to Furture der mediemiljøet ved Høgskulen i Volda, representert ved både studentar og tilsette, spelar ei sentral rolle.
Landbrukets Innovasjonspris 2020 som vart delt ut av landbruks- og matminister Olaug Bollestad under Mat og Landbruk-konferansen i Oslo tysdag. Ved bruk av lokale naturressursar og husdyrgjødsel produserer bøndene Rolf Olav Gjørven og Dag Hjelle mikroalgar som skal bli til mat og fôr.
– Innovasjonsprisen er ei stor kjelde til inspirasjon for arbeidet med å realisere prosjektet fullt ut, fortel vinnarane. Dei er dei første i verda som har starta algeproduksjon på eigen gard. Det er flott å sjå at nokon torer å gå foran. Algebøndene viser at jordbruket også er langt framme når det gjeld nytenkning, sa mat- og landbruksminister Olaug Bollestad då ho delte ut prisen.
Reaktor dyrkar algar til mat
Folvengaard AS er partner i det unike forskingsprosjektet Algae To Future. Gjennom forskingsprosjektet kan garden no bygge no sin eigen fotobioreaktor som dyrkar mikroalgar av CO2-utsleppa frå kyrne på garden.
– Reaktoren i Stryn viser at landet kan vere sjølvforsynt med dei sentrale næringskjeldene som vi i dag importerer og tilset i matproduksjonen, fortel forskingsleiar Stig A. Borgvang i Algae To Future-prosjektet (A2F) som er styrt frå NIBIO på Ås og finansiert av Forskingsrådet.
Mediestudentar med stort ansvar
I det same prosjektet har Kristian Fuglseth, førstelektor ved Høgskulen i Volda (HVO), ansvaret for formidling og kommunikasjon. Ei lang rekke mediestudentar er og har vore involvert i prosjektet, med ansvar for blant anna kommunikasjonsstrategiar, konsept for algeøl, animasjonsfilmar, mediehandbok, publikumsinformasjon om bruk av mikroalgar, nye nettsider for prosjektet og møteplassar for referansegrupper.
– Innovasjonsprisen betyr mykje for dette forskingsprosjektet, og vil by på mange utfordringar for kommunikasjon- og mediemiljøet i Volda. Vi er no inne i tredje året av dette partnarskapet med Ås og dei andre partnarane. A2F held fram i eitt år til, pluss to år som Forskingsrådet gav oss i ei utviding. Men eg håpar og trur fleire slike spennande formidlingsprosjekt kjem, for vi sender inn søknadar om nye prosjekt, fortel Fuglseth.
Han er allereie klar med neste prosjekt, eit AlgeSau-prosjekt, som startar opp i løpet av 2020. Masterstudentar som tek Master in Media Practices vil jobbe for prosjektet og levere sine praktiske masteroppgåver gjennom det.
Avhengig av studentane
Prosjektleiar Stig A. Borgvang gav tydeleg uttrykk for den viktige rolla mediestudentane frå Volda spelte då prosjektet fekk tilslag på 60 millionar kroner i 2017.
– I grunngjevinga for forskingsmidlane la dei vekt på at vi hadde tenkt nytt og vore litt eksperimentelle ved å bruke studentar til å formidle frå prosjektet. Utan dykk når vi ikkje fram med det vi vil.