Masterstudent får stipend

Merete Hoddevik, masterstudent ved HVO, har fått eit stipend på kr 20000 frå Høgskulen i Sogn og Fjordane til studier av langtidsverknader av bygdeutviklingstiltak. Stipendet er finansiert av Landbruksavdelinga ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Bygdeutvikling er ikkje eit tema som fell inn under nokon av dei masterutdanningane Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) tilbyr. HSF har difor har sett utover fylkesgrensene etter mogelege kandidatar. Ved masterstudiet i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda fann høgskulen Merete Hoddevik frå Stadlandet. Merete er fødd og oppvaksen på ei liten gard i Hoddevikja, og har lågare grad i samfunnsfag med fag frå Høgskulane i Volda og Molde og Universitetet i Oslo.

M-Hoddevik-melding
Merete Hoddevik er student ved masterstudiet i samfunnsplanlegging
og leiing ved Høgskulen i Volda

Sjølv om Merete Hoddevik også har vore Erasmusstipendiat i Preston i England for å studere internasjonal politikk, har ho heile tida hatt interesse for dei sosiale endringane som skjer i små bygdesamfunn. Stipendet skal ho bruke til reiseutgifter i samband med datainnsamling i Sogn og Fjordane.

Interessant samarbeid
For høgskulane i Sogn og Fjordane og Volda er dette ein interessant måte å samarbeide på. Sjølv om Merete Hoddevik er student i Volda, skal førsteamanuensis Øyvind Glosvik ved HSF vere rettleiar i samband med masteroppgåva hennar. Professor Jørgen Amdam frå Volda har saman med Glosvik vurdert mogelege kandiatar til stipendet.

Tema for oppgåva skal vere langtidsverknader av deltaking i bygdeutviklingstiltak. Merete ynskjer å studere dei langsiktige, sosiale verknadane i eit utval bygder som har delteke i det bygdeutviklingsprogrammet landbruksavdelinga i Sogn og Fjordane har hatt gåande gjennom snart 15 år.

(Kjelde: HSF)

Del på: