I mål med fyrste band av norsk målreising
Historikaren Jens Johan Hyvik er no klar med fyrste band i soga om norsk målreising. Boka, som har fått tittelen "Språk og nasjon 1739-1868", er gitt ut av Det Norske Samlaget.
Fyrste bandet i denne nyskrivne og illustrerte norske målsoga handlar om tilhøvet mellom språk og nasjonale førestellingar i Noreg frå etableringa av allmugeskolane i 1739 fram til 1868.
Noreg og Danmark hadde lenge eit felles skriftspråk, men også før Ivar Aasen finst det ei veksande interesse for folkespråk, dialektar og norsk målreising. Hyvik skildrar utviklinga frå ei førnasjonalistisk til ei nasjonalistisk forståing av folkespråket, og drøftar inngåande korleis danske og norske strategar gjennom desse tidlege åra hadde ulike visjonar og planar for språkutviklinga.
- Til dømes kan vi sjå korleis ein både i Noreg og Danmark tenkte i retning av å lage eit meir reelt felles-språk i åra fram mot 1814, der norske element skulle få større plass, seier Jens Johan Hyvik. - Det var i stor grad slik motivasjon som låg til grunn for det arbeidet som var lagt ned med å lage ordsamlingar over norske dialektord. Laurents Hallagers ordsamling frå 1802 er eit døme på det.
![]() | Boka er ei vidareføring av forfattaren si doktoravhandling frå 2008. Jens Johan Hyvik har vore stipendiat ved Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda. I 2008 disputerte han ved Universitetet i Oslo med doktoravhandlinga "...hvorfor har Norge ikke et eget nationalt sprog?" Språk og nasjonale førestillingar i Noreg 1739–1850. Avhandlinga var ein del av prosjektet "Det opne språket", der skrivinga av historia til nynorsk skriftkultur frå 1700-talet og fram til i dag utgjorde ein sentral del. |
Hyvik arbeider no som post doc ved Historisk institutt ved Høgskulen i Volda. Der held han på med eit forskingsprosjekt om tilhøvet mellom elitekultur og folkekultur i Noreg frå 1600- til 1800-talet.
Oddbjørn Løkensgard Hoel var også stipendiat ved Ivar Aasen-instituttet og knytt til "Det opne språket". Han disputerte i 2009 med doktoravhandlinga Målreising og modernisering i Noreg 1885–1940. Med utgangspunkt i denne avhandlinga skriv han andre band om norsk målreising, som etter planen skal kome ut i haust.
Les også intervju med Jens Johan Hyvik om doktoravhandlinga på forskning.no (2008): Langsamt blei språket vårt eige