Kulturmøte: Dei første masterkandidatane
Studentar frå det første kullet av studentar på master kulturmøte har avslutta studiet denne våren. Siste året i studiet har dei nytta til skriving av ei masteroppgåve på 60 studiepoeng, som tre av dei har forsvart med munnleg eksamen.
Dei tre er:
Merete Bru Frantzen: Engelbret Kaempfer, en tysk leges møte med Japan 1690-92
Christian Hansen Malmo: Det indiske opprøret i 1857. Kulturkollisjon på det indiske subkontinentet
Florence Jessey Myklebust: Women, Migration and Cultural Integration. A Case Study of Migrant Women Lliving in Molde Municipality
Til saman har det dette året vore 18 studentar på Mastergraden i kulturmøte, om lag likt fordelt mellom heiltids- og deltidsstudium.
Meir om studiet
Mastergraden i kulturmøte er eit tverrfagleg studium av kulturar og møte mellom kulturar i eit historisk perspektiv. I vår globaliserte tid er medvitet aukande om kultur- og religionsmøte som eit studiefelt for å nå større kunnskap om menneske og samfunn før og no, nært og fjernt. Nye flyttemønster og nye kommunikasjons- og informasjonsteknologiar krympar avstandar og fører kulturar i tettare kontakt med kvarandre. Denne utviklinga skaper behov for å forstå kulturmøte i eit historisk perspektiv, men òg i eit romleg samtidsperspektiv – regionalt, nasjonalt og internasjonalt.