KD løyver ein million kroner til SEANSE
SEANSE inkluderer alle kunstformer, og har som mål å skape kvalitetsproduksjonar for barn og unge. SEANSE vender seg til kunstnarar, kulturarbeidarar, barnehagetilsette, skulefolk og forskarar. Senteret tilbyr kompetansegivande studieemne i samarbeid med Høgskulen i Volda.
Teaching Artist Program
Seanse fekk altså i går melding om at dei har mottatt ein million kroner til sitt Teaching Artist Program. To millionar kroner av Kulturløftet 2 var øyremerka tiltak innanfor Teaching Artist-feltet. Seanse har vore ein inspirator til denne satsinga, ikkje minst etter ei svært vellukka Teaching Artist-konferanse i Oslo i november 2010.
Seanse kan nå gå i gang med å utvikle et heilskapleg og nyskapande program for Teaching Artists tilpassa Noreg. Programmet er planlagt med seks delar og i dette inngår blant anna program for utdanning av Teaching Artists i samarbeid med kunstinstitusjonar og skuler. Her har Seanse intensjonsavtaler for samarbeid med blant andre Teatret Vårt i Molde, Den Norske Opera og Ballett og Oslo Nye teater i Oslo.
Det er vidare planlagt eit nettbasert internasjonalt samarbeidsprogram som inkluderer elevar i vidaregåande skuler, teaching artists og kunstinstitusjonar. Inspirert av konkrete prosjekt initiert i New York vil Seanse utvikle ein mal for slikt arbeid som kan stimulere internasjonale samarbeidsprosjekt i Norge. Ein viktig samarbeidspartner her er Manhattan Theatre Club i New York. Seanse ønskjer å forankre Teaching Artists som konsept i skulen også ved å arrangere eit skuleleiarseminar som stimulerer til kunst og kulturaktiv skule.
Ein større internasjonal konferanse vil styrkje vidare utveksling av kunstprogram for skulefeltet. Her har Seanse fått ei rekkje engasjerte og viktige samarbeidspartnarar med på laget, som for eksempel Director of Learning Anna Kutler (Tate Museum of Modern Art), professor Anne Bamford (begge London UK), professor Steve Seidel (Harvard University, Boston), Director Education Greg McCaslin (Roundabout Theatre, NY), Art Educator Eric Booth (NY), Professor Brad Haseman (Queensland Universty of Technology , Brisbane, Australia), Tor Fagerland (Den Norske Opera) Johannes Joner (Oslo Nye Teater).
Sist, men ikkje minst, vil senteret lage ein webbasert ressursbase for å kunne spreie kunnskap om denne aktiviteten. Sjølv om Seanse ikkje fikk alle midlane det var søkt om vonar ein å kunne gjennomføre det meste av den oppsette planen, blant anna ved å søke andre kjelder om støtte.
40 millionar til kulturtilbod for barn og unge
Kunnskapsdepartementet (KD) har no fordelt 40 millionar nye kroner til kulturtilbod for barn og unge i heile landet. Det er i hovudsak kommunar og kulturskular som har søkt om midlar.
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen og kulturminister Anniken Huitfeldt håper pengane kan vere eit godt bidrag til eit meir mangfaldig kulturtilbod til barn og unge.
SEANSE er ein partnarskap mellom Møre og Romsdal Fylke og Høgskulen i Volda, med støtte frå Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet.