Jazzkonsert som del av doktorgradsarbeid i musikk
– Musikken me får høyre kan beskrivast som lyrisk med rike klangfargar, krydra med uvanlege harmoniske løysingar, melder Solstad, som i tillegg har komponert musikken. Mykje av dette var framført i Solstad sin solokonsert i Volda kyrkja for to veker sidan.
Konserten har ei litt spesiell ramme
Slik skildrar Solstad dette:
Konserten er ein del av eit doktorgradsprosjekt i musikk som forskar på jazzimprovisasjon. Det tek føre seg korleis musikaren nyttar eit repertoar med improvisasjon i ulike samanhengar. Korleis ein førebur seg til ulike samspelsituasjonar? Kva skjer frå innøving til utøving, og korleis reflekterer ein i etterkant etter å ha delteke i eit musikalsk improvisert samspel?
Til hausten vil refleksjonane omkring innøving og utøving fortsette i eit endå rikare, i alle fall større jazzmiljø. Då flyttar gitaristen Solstad med familie til New York for å vere ’visiting scholar’ ved Columbia University eit år.
Studentar filmar konserten
Konserten vert filma av studentar og tilsette med tilknyting til Avdeling for mediefag og Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda.
– Slik sett er dette eit godt eksempel på tverrfagleg samarbeid mellom ulike avdelingar ved høgskulen.
Musikarane som skal spela denne kvelden forutan Solstad er:
Erlend Slettevoll: Piano - Volding busett i Oslo og kjent frå band som the Core, Petter Wettre Quartet, Audun Automat
Audun Ellingsen: Bass - Ørsting busett i Oslo og kjent frå band som Spinx, Frøy Aagre band og Audun Automat. Audun var også bassist på Solstad si plate ”Svev”.
Erik Nylander: Trommer - Svenske busett i Oslo og kjent frå band som Kobert, Ola Kvernberg Trio, Silje Nergaard og Trondheim Jazzorkester.
– Alle desse musikarane har ein allsidigheit og ei evne til å løfte ulike samspelskonstellasjonar på ein spesiell måte. Det skal verta spennande å sjå korleis dette viser seg på Rokken-scene søndagskvelden, legg Solstad til.
Les også Høgskulelærar med plateslepp