Jan Ove Ulstein med diktsamling
Jan Ove Ulstein er aktuell med diktsamlinga «Overlys Underlys». Ulstein er dosent ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag og har skrive ei rekkje fagbøker, musikalar og mange diktsamlingar for vaksne og barn.
I den nye diktsamlinga spelar små dikt mot kvarandre i eit kammerspel. Lys kjem innanfrå, ovanfrå og nedanfrå, i spennet i livet, lyset og mørket i kjærleik og død. Det er forfattarens 12. diktsamling for vaksne.
I «Nynorsk litteraturhistorie» av Jan Inge Sørbø står det mellom anna dette om Jan Ove Ulstein sin forfattarskap: «Hans eigen skrivemåte er eit radikalt brot med det mørke, både i tilværet og i religionen. Han skriv meir ut frå barokk og modernisme enn frå den snille songtradisjonen i kyrkjelydane.»