Internasjonal PhD-grad om barn, ungdom og media
- Det har vore ein lang, men spanande veg å gå, seier førstelektor Asbjørn Simonnes ved Avdeling for samfunnsfag ved Høgskulen i Volda etter at han no har fullført PhD-graden (Doctor of Philosophy)ved Center for Advanced Theological Studies, School of Theology, ved Fuller Theological Seminary i California.
Simonnes blei i 1996 av same universitet tildelt den praktisk teologiske graden Doctor of Ministry gjennom ei avhandling, When Children are at Risk, som handlar om ulike strategiar for å hjelpe barn og unge i risikosona. No har altså Simonnes laga avhandling innan eit heilt anna felt.
Asbjørn Simonnes.
- Eg starta på dette nye studiefeltet om barn og media i 1996 ved Fuller Seminary, og skreiv doktoravhandling om korleis barn og unge kan møte media på ein konstruktiv måte som t.d. gjennom å få innblikk i ”media literacy”prinsipp.
- Det handlar vidare om kommunikasjon og om barns identitets- og karakterutvikling sett opp mot påvirkninga frå den globaliserte massemediaindustrien, seier Simonnes, som har spesialisert seg på barn og unges oppvekstvilkår.
Tilsvarar norsk doktorgrad
- PhD i eit internasonalt akkrediteringssystem kan svare til ei norsk doktorgrad. PhD-graden vert no etterkvart innført i Noreg i det nye gradssystemet, så denne graden blir nok meir vanleg også her ved Høgskulen i Volda, seier Simonnes