Innovasjonscamp 2017: kulturhus på campus
Innovasjonscamp er eit program i regi Møre og Romsdal fylkeskommune med fokus på kreativitet og nyskaping. I programmet gjennomfører elevane ein camp der dei får eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling som dei skal presentere ei løysning på innan eit avgrensa tidsrom. Oppdraget blir typisk gjeve av ei verksemd eller ein organisasjon frå privat eller offentleg sektor. Elevane jobbar med oppdraget i grupper og presenterer løysingane for ein jury, som kårar ein vinnar.
Prorektor Jens Groven ønskjer elevane frå Volda vidaregåande skule velkomne.
Innspel
Ordførar Jørgen Amdam og Kristian Glomnes heldt nokre korte innleiingar før elevane fekk utdelt oppgåva.
Amdam peika mellom anna på at Volda kommune og samarbeidspartane ønskjer at kulturhuset skal:
• styrkje Volda sitt omdøme som kultur- og studiestad
• auke Volda kommune sin attraktivitet slik at fleire ønskjer å flytte hit
• samle barn, unge og eldre frå Volda og regionen mellom Stryn og Hareid til spennande kulturopplevingar i trivelege omgjevnadar. Her vil det nye kulturhuset få sterk konkurranse frå kulturhusa i Ørsta, Fosnavåg og Ulstein
Ordførar Jørgen Amdam.
Kristian Glomnes peika på at ein måtte tenkje «outside the box» og bruke Volda sine heilt spesielle kvalitetar, mellom anna mange dyktige studentar, til å skape eit unikt tilbod.
Kristian Glomnes (28) frå Volda. Han Jobbar no som kursholdar og salskonsulent innan audiovisuelle løysingar hos Lindbak.
Oppgåveløysing
Resten av dagen gjekk med til gruppearbeid der over 20 grupper fekk kyndig rettleiing av Svein Hunnes (Høgskulen i Volda), Erlend Krumsvik (Sunnmøre regionråd), Åshild Widerøe (Sunnmøre kammermusikkfestival), Per Arne Brandal (Høgskulen i Volda), Joakim Rødven (Volda kommune) og Kristian Glomnes.
Stort engasjement.
Kåring av beste idé
I dag, tysdag 13. juni, skal gruppene legge fram idéane sine i Strøm-aud. frå kl. 11.30. Juryen vil annonsere vinnaren kl. 14.15 same stad. Les meir.