HVO KUPP
HVO har fått ca. 2 mill kr. frå Forskingsrådet over ein treårsperiode til eit relativt stort prosjekt i KUPP-programmet (KUPP=Kunnskapsutvikling i profesjonsutdanning og profesjonsutøving). Tittel: <B>Begynnaropplæring og tilpassa undervisning.</B>
Prosjektleiar er professor Peder Haug ved Avdeling for lærarutdanning. I prosjektgruppa er også Jorunn Aske, Bjørg Olsen Eikrem, Randi Lothe Flemmen, Kjell-Arild Madssen, (alle Avdeling for humanistiske fag) Randi Myklebust, Leif Bjørn Skorpen og Bente Vatne (alle Avdeling for lærarutdanning).
Professor Peder Haug
Kort prosjektsamandrag
"Forskingsprosjektet sitt hovudtema er begynnaropplæringa sett ut frå prinsippet om tilpassa opplæring. Begynnaropplæring er gitt ei vid tyding, i prinsippet femner den om all opplæring elevane får dei tre til fire første åra i grunnskulen.
Omgrepet tilpassa opplæring er gitt den tydinga som er nedfelt i opplæringslova, at opplæringa skal vere tilpassa elevane sine evner, anlegg og interesser.
Hovudinteressa i prosjektet vil vere å studere verksemda i klasserommet. Grunngjevinga for dette valet er primært mangelen på kunnskap om det som går føre seg i klasserommet meir generelt, og innan begynnaropplæringa spesielt.
Prosjektet er todelt. I første del vil ein studere begynnaropplæringa både generelt og med eit spesielt fokus på faga norsk (lese- og skriveopplæringa), matematikk (rekneopplæringa) og engelsk, på bruken av og funksjonen til leik og gje elevar frå språklege minoritetar spesiell merksemd. Ein vil granske den samla begynnaropplæringa for å kunne få kunnskap om korleis heilskapen er, kva som bestemmer den og kva samanhengar og/eller motsetningar det kan vere mellom dei ulike elementa som inngår.
Andre delen av prosjektet er aksjonsorientert. Saman med lærarane i dei klassane som er med i prosjektet vil ein arbeide med og studere korleis utvikle og auke kvaliteten på begynnaropplæringa generelt, og på dei områda som er nemnde ovanfor."