HVO-forskarar til Shakespeare-konferanse i Venezia
The Bergen-Volda Shakespeare Network (BVSN) arrangerer ein konferanse 14.-16. november ved Ca’ Foscari-universitetet i Venezia. Ei internasjonal samling av forskarar skal legge fram og diskutere forskingsarbeid om Shakespeare og andre renessanseforfattarar sine verk i samtida og notida.
BVSN blei starta opp av professor Stuart Sillars som The Bergen Shakespeare and Drama Network i 2006, ved Universitetet i Bergen. Svenn-Arve Myklebost, førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda (HVO), har vore medlem av nettverket sidan 2008. Myklebost tok over som leiar i 2015.
Konferansen ved Ca’ Foscari-universitetet i Venezia blir det 13. årlege møtet sidan BVSN blei grunnlagt. Nettverket har no tre medlemmer frå Volda pluss om lag 15-20 aktive medlemmer frå USA og Europa. Forskarane i nettverket opererer innanfor ulike disiplinar og forskingsfelt, frå litteratur- historie- og kunstforsking til resepsjonsstudiar med meir.
Til årets konferanse reiser Timothy Saunders og Svenn-Arve Myklebost. Begge er knytt til Seksjon for engelsk ved Institutt for språk og litteratur (ISL). Begge skal ta del med innlegg.
Tema
Temaet for konferansen er «Shakespeare and Seeing» og tek blant anna føre seg korleis ein ser – og ser på – Shakespeare på scena, i biletkunsten, på film, i skuleverket og i teikneseriar og korleis Shakespeare og hans samtidige såg på – og såg gjennom – scenekunsten og litteraturen.
– På engelsk seier ein at «seeing is believing» og i renessansen meinte ein noko spesielt med dette. Ein hadde skjønt at språket ikkje var i stand til å framstille røynda presist og trudde at biletkunsten var betre eigna til å seie noko sant om naturen og menneska. På engelsk seier ein også «I see» – eg ser – når ein meiner «eg forstår», og på William Shakespeare si tid tenkte ein seg at ein kunne oppnå djupare innsikt gjennom å sjå på ting, seier førsteamanuensis Svenn-Arve Myklebost som også peikar på at Shakespeare samstundes var veldig klar over at ein ikkje skal skode hunden på håra.
– Som teatermann var han klar over korleis sanseapparatet let seg lure. Det å sjå var på ingen måte uproblematisk den gongen, og det har ikkje blitt noko mindre komplisert med åra.