HVO-forskarar på konferanse om helse og livskvalitet

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

HVO-forskarar på konferanse om helse og livskvalitet

Sju forskarar frå Høgskulen i Volda tok del i konferansane «Creating a world we want to live in» og «Health and wellbeing for all – heading for the future» i Reykjavik 28. juni til 2. juli. Tvillingkonferansane vart arrangerte av den nordiske folkehelsekonferansen (NPHC) og den europeiske konferansen i positiv psykologi (ECPP).

Konferansane samla over 1100 deltakare frå meir enn 30 land i Harpa, den spektakulære konsert- og konferansebygninga i sentrum av den islandske hovudstaden.

– Målet med tvillingkonferansen var å bringe saman politikarar, forskarar og praktikar til felles forståing for korleis ein kan løfte forskingsbasert kunnskap inn i det førebyggande folkehelsearbeidet, seier professor Helga Synnevåg Løvoll ved Institutt for idrett og friluftsliv i Avdeling for kulturfag. Ho har forska mykje på effektane av det å vere ute i naturen.

Professor Helga Synnevåg Løvoll.
Professor Helga Synnevåg Løvoll.

Berekraft

Professor Synnevåg Løvoll peikar på at lite har skjedd internasjonalt etter FN sitt berekraftsmål nr. 3 (god helse og livskvalitet) blei vedteke.

– Det trengst meir handling. «Wellbeing» er et mål i alle samfunnssektorar og må forståast som sjølve kraftsenteret i utviklinga av ein berekraftig samfunnsmodell. Konferansen framheva at «wellbeing» er ei ferdigheit som også er verdiorientert, ikkje verdinøytral. Denne ferdigheita kan lærast, og styresmaktene har eit ansvar for å legge til rette for at kvar enkelt får høve til å utvikle denne ferdigheita. For å lykkast er endring nødvendig, seier professoren.

Forskinga

Forsking på «wellbeing» har i dei siste år blitt eit stort internasjonalt satsingsfelt. Deltakarane på tvillingkonferansen i Reykjavik fekk mellom anna sjå gode eksempel frå Island der det er kort veg mellom forsking, folkehelseinstituttet og politikarar, noko som blei synleggjort gjennom president Gudni Th. Johanneson og statsminister Katrin Jakobsdottir sitt engasjement for konferansen.

HVO-forskarar

Forskargruppa Future Skill Lab ved Høgskulen i Volda (HVO) var ansvarleg for eit symposium med tittelen «Creative wellbeing – how to make connections for euduaimonic wellbeing». Symposiet vart leia av Helga Synnevåg Løvoll, og dei tre HVO-forskarane Knut-Willy Sæther, Wenche Torrissen og Violeta Botellero hadde innlegg. Andre HVO-forskarar bidrog med workshop og posterpresentasjon.

Island2
Frå venstre: Høgskulelektor Eli-Karin Sjåstad Åsebø (Institutt for idrett og friluftsliv), førsteamanuensis Violeta Botellero (Avdeling for kulturfag), professor Knut-Willy Sæther (Institutt for religion og livssyn) , professor Wenche Torrissen (Institutt for drama og teater), stipendiat Raul Grau-Ruiz (Avdeling for samfunnsfag og historie), professor Øyvind Økland (Institutt for sosialfag), professor Helga Synnevåg Løvoll (Institutt for idrett og friluftsliv) og Gunvor Marie Dyrdal (NTNU).

– Alt i alt var dette ein svært spennande konferanse, og det ble knytt mange kontaktar med forskarar både frå Noreg og elles i verda. Konferansen førte til mange faglege diskusjonar, noko som vil kunne munne ut i konkrete forskingssamarbeid både i Norge og internasjonalt. Med ei vidare tverrfagleg satsing, vil HVO ha moglegheit til å kunne posisjonere seg i heilt i front når det gjeld utviklinga av kroppslege, estetiske og spirituelle forståingar av «wellbeing» og betydninga av naturopplevingar, avsluttar professor Helga Synnevåg Løvoll.

Les også: Taler friluftslivets sak – nå er hun blitt professor.

Del på