HVO-forskar på stor konferanse

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Førstelektor Ragnhild Fauske ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag er nettopp komen tilbake frå American Academy of Religion si årlege samling i San Diego, USA. – Dette er ein stor konferanse for teologar, skulefolk og forskarar. Om lag 9000 fagfolk deltok. Eg presenterte funn frå doktorgradsarbeidet mitt der eg arbeider med samtalar om eksistensielle spørsmål i barnehagen, seier Fauske

Førstelektor Fauske driv med barnehageforsking og hadde ein presentasjon under emnet «Childhood Studies and Religion Unit».

– Tittelen på presentasjonen min var «Gravestones, Zombies, Dead Siblings and Existential Questions». Eg har observert nokre barnehagebarn på besøk på ein kyrkjegard og analysert samtalane borna hadde med barnehagelæraren i etterkant, seier Fauske.

Fauske finn at det borna ser og opplever på kyrkjegarden fører til nye samtalar.

– Materielle artefakt kan føre til gode eksistensielle samtalar, seier ho.

 

Del på