Høgskulen i Volda fokuserer på kvinner og verdiskaping
Bjørn Gunnar Tafjord og Nathalie Homlong er prosjektansvarlege for Kvinner og verdiskaping ved Høgskulen i Volda. | Nasjonale og regionale kvinnelege gruderar/næringslivsleiarar er invitert for å fortelje om sine erfaringar med etablering og drift av eiga verksemd. Studentar er også representert som foredragshaldarar. Det vil også bli gjennomført ein kreativ idégenereringsprosess der deltakarane sjølve kan eksprimentere med eigne og andre sine idear under kyndig rettleiing. Siste del av seminaret fokuserer på vegen vidare frå ide til kommersialisering av forretningside. -Vi har tenkt å invitere deltakarane på konferansen til eit oppfølgingsseminar. Målet er at ein i løpet av desse samlingane klarar å etablere eit kvinnenettverk som vil kunne fungere som ein fast møteplass for kvinnelege grunderar og etablerarar i Møre og Romsdal, seier Tafjord. -Ut over dette ser vi det som naturleg å ivareta andre aktivitetar som del av hovudprosjektet knytt til infrastrukturmidlane tildelt frå FORNY-programmet i Forkningsrådet. Les meir på www.hivolda.no/kvinner |