Høgskulen med i prosjekt om lokal klimaplanlegging

Utfordringane knytt til klimaendring er store og komplekse, og aktuelle tiltak omfattar innsats på ulike samfunnsområde og samfunnsnivå. - Fokuset på lokal klimaplanlegging dannar utgangspunktet eit tverrfagleg prosjekt med deltaking frå ENØK-senteret i Ørsta, energiselskapet Tussa Kraft, Volda og Ørsta Reinhaldsverk, Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, seier førstelektor Sveinung Dimmen.

Høgskulen i Volda (HVO) har stått sentralt i samarbeidsprosjektet Lokal klimaplanlegging.

Prosjektet har strekt seg over ein periode på 1,5 år og hatt eit todelt siktemål:

  • utviking av konsept for lokal klimaplanlegging i samarbeid med 9 pilotkommunar på Sunnmøre/Nordfjord
  • utvikling av eit nytt vidareutdanningstilbod i lokal klimaplanlegging knytt til mastergradsutdanninga i samfunnsplanlegging og leiing

I dei ni kommunane på Søre Sunnmøre og i Nordfjord har innsatsen vore retta mot utvikling av lokale klimaplanar. I kvar kommune er det utarbeidd planutkast som no skal handsamast politisk og sendast ut på høyring.

Dette arbeidet har inngått som del av eit større utviklingsprosjekt knytt til kommunal klimaplanlegging, og vart avslutta med eit seminar ved Høgskulen i Volda 22. april. Søkelyset vart m.a. her retta mot dei utfordringane kommunane står overfor i samband med praktisk oppfølging og gjennomføring av ulike typar klimaplantiltak.

I prosjektet har ein søkt å skape lokalt engasjement kring klimaspørsmål fordi dette vil kunne vere med å sikre planane forankring og legitimitet. Som ein del av planprosessen har det m.a. vore lagt opp til faglege fellesseminar mellom deltakarkommunane, kommunevise gruppemøte, presentasjon i formannskap og kommunestyre, folkemøte og barnehagekonkurranse. 

Oppsummering av første del

Første del av prosjektet er no inne i avsluttingsfasen. I samband med dette er prosjektgruppa med representantar frå HVO, Møreforsking, Enøk-senteret, Tussa og VØR samla til eit avsluttande oppsummeringsmøte fredag 15. mai på HVO.

2b5a782047e762172b3c18d2e5a755d398e4d9db

Prosjektgruppa med representantar frå HVO, Møreforsking, Enøk-senteret, Tussa og VØR.

Lenke til prosjektet.

Følgande personar utgjer prosjektgruppa:

Høskulen i Volda

Sveinung Dimmen, e-post: [email protected] tlf 7007 5084

Nils magne Magerøy, e-post: [email protected] tlf 7007 5163

Nathalie Homlong, e-post: [email protected] tlf 7007 5221

Enøk-senteret

Torger Mjønes, e-post [email protected]tlf 7004 8712

Harald Lillebø, e-post: [email protected]tlf 9825 9010

Møreforsking

Susanne Moen Ouff, e-post: [email protected] tlf. 7007 5229

Anders Tønnesen, e-post: [email protected] tlf. 7007 5227

Tussa

Per Atle Røe, [email protected] tlf 7004 6336

Volda og Ørsta Reinhaldsverk

Petter Bjørdal, e-post [email protected] tlf 7004 8601

Del på: