Hjorthol disputerer om Solstad
Førsteamanuensis Geir Hjorthol frå Institutt for språk og litteratur disputerer 13. mai for dr.philos-graden ved NTNU med avhandlinga <i>Tilbaketrekninga. Litteraturens politikk i Dag Solstads forfattarskap</i>.
Graden dr.philos. (doctor philosophiae) vert tildelt akademikarar som har kvalifisert seg til doktorgrad på eiga hand – utan formell rettleiing. Sidan det vert kravd to prøveførelesingar av kandidaten, skal Geir Hjorthol i elden allereie torsdag 12. mai.
Først skal han halde ei førelesing over eit sjølvvalt emne: "Forteljing og repetisjon i Lars Amund Vaages Kunsten å gå". Deretter vert det ei ny førelesing over eit oppgjeve emne: "Ibsen med Rancière: Et dukkehjem og det politiske".
Les meir om disputasen
Fredag kl. 10.15 er det klart for sjølve doktordisputasen der Hjorthol offentleg skal forsvare avhandlinga si. – Korleis skal vi forstå "det politiske" i ein forfattarskap som Dag Solstads? spør Hjorthol.
Og vidare: – Romanane hans frå det "revolusjonære" 1970-talet har blitt lesne som "AKP-litteratur". Kor dekkjande det er, kan avgjort diskuterast. Men kva med dei romanane som har kome seinare? Er Solstads forfattarskap blitt meir og meir reinsa for politikk – til fordel for eksistensielle og roman-estetiske problemstillingar? Spørsmålet peikar vidare mot ei prinsipiell problemstilling: Korleis skal vi forstå forholdet mellom litterær estetikk og politikk i dag?
Dette blir drøfta i ein studie i tre Solstad-romanar frå kvart sitt tiår: Arild Asnes, 1970 (1971), Forsøk på å beskrive det ugjennomtrengelige (1984) og Professor Andersens natt (1996).
Les meir om avhandlinga.
Geir Hjorthol vart tilsett ved Møre og Romsdal distriktshøgskule 1983. Han underviser i nordisk litteratur ved Høgskulen i Volda og har skrive bøker og artiklar om populærlitteratur, Aasen-resepsjonen, Kjartan Fløgstad og – sjølvsagt – Dag Solstad.
Hjorthol vart intervjua om doktoravhandlinga si i Klassekampen 9. mai: Fortsatt politisk Solstad