Helsingsskrift til Urban Dahllöf
Den 11/11 vart professor Urban Dahllöf 70 år. Gode kollegaer og vener i Volda har laga eit festskrift til han med tittelen "I lærande fellesskap".
Urban Dahllöf har gjennom sitt mangeårige arbeid som professor II ved Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda inspirert mange med sin faglege kompetanse. Dette skriftet er ei helsing til han på 70-årsdagen. Helsingsskriftet er ei samling artiklar av personar i Volda-miljøet som har hatt glede av eit «lærande fellesskap» med Urban Dahllöf.
Den faglege interessa og vitskaplege produksjonen til Urban Dahllöf er omfattande og tematisk vidtrekkande. Ein sentral artikkel i skriftet er hans eige tilbakeblikk på den tidlege rammefaktorteoretiske tenkinga og seinare utvikling om lag tretti år etter at han gav ut den klassiske studien Skoldifferentiering och undervisningsförlopp. Også her har Urban Dahllöf bidratt til lærande fellesskap ved at andre utdanningsforskarar, i og utanom Skandinavia, har late seg
inspirere av denne tenkjemåten.
Helsingsskriftet inkluderer ein oppdatert bibliografi over Urban Dahllöfs forfattarskap.
Redaksjonsnemnda er medlemer i Gruppe for utdanningsforsking og kultur (GRUK) i Volda.
ISBN: 82-7661-092-7
ISBN: 82-7692-130-2
Redaktørar:
Rune Kvalsund
Lidveig Bøe
Kåre Heggen
Kjell-Arild Madssen
Sveinung Vaage
INNHALD
Del I
Urban Dahllöf:
En återblick på det tidiga ramfaktorteoretiska tänkandet och några av
dess senare utlöpare
Rune Kvalsund:
Om det konstruerande i utdanningsforskinga
Sveinung Vaage:
Perspektivtaking og rammefaktorar
Peder Haug:
Differensiering og spesialundervisning
Del II
Lidveig Bøe:
Erfaringsbasert læring i skule og arbeidsliv.
Kåre Heggen:
Å forstå kodane bak tala
Rune Kvalsund:
Pedagogiske strategiar for sosial trening i den moderne grunnskulen
Jon Olav Myklebust:
Aktørar og struktur i lokal runddans
Gunnar Stave:
Organisert frivillig velferdsinnsats og det offentlege
Del III
Oddbjørn Melle:
Striden for ein rural høgskule
Reidun Høydal:
Læraryrket som kulturell kapital: Kvifor var vestlandslærarane så talrike?
Kjell-Arild Madssen:
Norskfagets normering
Reidun Åslid Bjørlykke:
Musikkfaget i begynnaropplæringa i læreplanar frå N-39 til L-97
Finn Ove Båtevik:
Kanalisering mot yrkesfag?
Thinken Røsvik Osborg og Petter Osborg:
Søskenliv på godt og vondt
Odd Ragnar Hunnes og Bjørn Stave:
Urban Dahllöf og Volda-miljøet: Som hand i hanske
Urban Dahllöf:
Skriftförteckning 1951-1998
Vi gratulerer!