Heider for vitskapleg publisering
Heile 13 HVO-tilsette debuterte med vitskapleg publisering i 2022. Vi tok praten med ein av dei, som kunne fortelje at arbeidet slett ikkje var simsalabim.

6 av dei 13 HVO-tilsette som debuterte med vitskapleg publisering i 2022. F.v.: Kari Leikanger Buset, Hilde Gry Leer-Salvesen, Julia Melnikova, Anders Aanes, Liv Astrid Skåre Langnes og Liv Kristin Bjørlykke Øvereng. Foto: Lene Mo Flataker / Høgskulen i Volda.
Heile 13 tilsette ved Høgskulen i Volda (HVO) debuterte med vitskapleg publisering i 2022. Vi tok praten med ein av dei, som kunne fortelje at arbeidet slett ikkje var simsalabim.
Ein fin bukett av vitskapleg tilsette var samla denne veka for å få ei lita merksemd frå forskingsadministrasjonen.
13 HVO-tilsette, både unge og meir erfarne, publiserte vitskapleg for første gong i fjoråret, og som takk for strevet fekk dei alle ein unik kopp med sin eigen artikkeltittel påtrykt. Heretter blir ein slurp kontorkaffi ei fin påminning om kva ein har fått til.
– Det var veldig stort å få publisert sin første vitskaplege artikkel. Og uventa, etter eit langt yrkesliv, sa høgskulelektor Kari Leikanger Buset ved Institutt for pedagogikk, som var ein av debutantane.

Kvar debutant fekk ein personleg kopp som takk for det vitskaplege arbeidet. Foto: Lene Mo Flataker / HVO.
Langt ifrå simsalabim
Buset er førsteforfattar av artikkelen «‘Det er ikkje noko SIM sala bim’ – om implementering av skulens innsatsteam mot mobbing i tre vidaregåande skular» (Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk, 2022). Artikkelen undersøkjer arbeidet og erfaringane med å etablere innsatsteam mot mobbing, SIM, ved tre vidaregåande skular.
Buset har skrive artikkelen saman med tre HVO-kollegaer: høgskulelektor Iselin Vatnehol Waage, som også publiserer vitskapleg for første gong med denne artikkelen, førsteamanuensis Anne Randi Fagerlid Festøy og professor Peder Haug.
– Det å ha hatt med røynde forskarar som Haug og Festøy har vore gull verdt. Det at vi var fire som samarbeidde, har i alle fall gjort resultatet betre enn om eg skulle ha gjort dette åleine, framhevar Buset, som har hatt nytte av å sjå at skrivearbeidet også er krevjande for veteranar innan forsking.
Kva er historia bak den stilige artikkeltittelen?
– Då vi skulle sende inn artikkelen, skjønte vi at vi måtte ha ein interessevekkjande tittel. Då fann eg eit sitat frå intervjua vi hadde gjort, som eigentleg gav svaret på problemstillinga vår – ei stadfesting av både det vi har trudd undervegs, og det vi har funne ut i arbeidet. Det er elles viktig at vi skriv på ein måte som gjer innhaldet forståeleg for dei som har bruk for å lese forskinga, både i UH-sektoren og ute i praksisfeltet.

Kari Leikanger Buset. Foto: HVO.
Mykje arbeid, men viktig fagutvikling
Fleire av debutantane har nok merka at vitskapleg publisering ikkje skjer ved eit trylleslag.
– For meg var det overraskande kor mykje arbeid som skulle til. Det har vore viktig for meg å vere i fagleg utvikling etter at eg byrja å jobbe ved HVO. Som instituttleiar har dette skrivearbeidet også gitt meg eit viktig innblikk i kva som skal til for å kome fram til ein ferdig artikkel, poengterer Buset, som likevel ikkje har teke skrekken; arbeidet med neste artikkel er i gang.
Har du nokon råd til dei som ikkje har publisert vitskapleg enno? Det kan kanskje verke litt skummelt?
– Det første rådet er å kjenne etter kva som interesserer deg aller mest. Og så vil eg framheve det å invitere andre inn i samarbeid. Du må halde på trua på at du er god nok, og våge å stå i det, avsluttar Buset.
Desse frå HVO debuterte med vitskapleg publisering i 2022:
- Lill Kristin Mork Bjørgen
- Kari Leikanger Buset
- Arve Fiskerstrand
- Charlotte Louise Loxley Helleland
- Liv Astrid Skåre Langnes
- Hilde Gry Leer-Salvesen
- Julia Melnikova
- Madeleine Zetterlund Stenhammer
- Bjørnar Sæterås
- Haakon Hegsvold Sørlie
- Iselin Vatnehol Waage
- Liv Kristin Bjørlykke Øvereng
- Anders Aanes