Haug kritiserer skuledebatten
- Skuledebatten i denne valkampen er prega av synsing rundt konstruerte realitetar, kommenterer Peder Haug, professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda.
- Politikarane som uttalar seg i skuledebatten overser fakta som er kome fram gjennom mange år med god forsking. I staden konstruerer dei eigne røyndomar som ikkje har noko med realitetane å gjere, kommenterer professor Peder Haug.
- Gjennom mange år med grundig forsking har Noreg godt grunnlag for ein god skulepolitikk. Nytt denne kunnskapen, oppfordrar professor Haug i fleire aviser denne veka.