Halse leiar for nordisk samarbeid

Ketil Jarl Halse (53) ved Avdeling for mediefag er vald til leiar for Samarbeidskomitéen for journalistutdanningane i Norden (tidlegare "Rektorkomitéen") for perioden 2001-2004.

Komitéen arbeider med student- og lærarutveksling mellom universitets- og høgskuleutdanningane i Norden, arrangerer konferansar og faglege seminar for lærarar i journalistikk.

Samarbeidskomitéen har 16 medlemsinstitusjonar i dei 5 nordiske landa.

Del på: