Frist for å nominere kandidatar til FoU-prisen og Utdanningsprisen nærmar seg
FORSKING OG UTVIKLINGS-PRISEN
FoU-prisen vert tildelt personar eller miljø som har gjort ein markert innsats på FoU-området. Prisen er på kr. 30 000 til einskildpersonar og kr 50 000 til fagmiljø, og skal nyttast til tiltak som fremjar vidare arbeid og utvikling på FoU-området, som til dømes studiereiser eller utstyr til FoU-arbeid.
─ HVO er kjend for å vere god på forsking og publisering, så her er det mogeleg å få gode kandidatar, seier Kjøde Jr.
Alle tilsette, studentar, formelle organ ved høgskulen, brukarar og andre eksterne interessentar kan fremje kandidatar til prisen. Fristen for å sende inn framlegg til kandidatar til høgskulestyret ved høgskuledirektøren er utgangen av april. Utdeling skjer på Forskingsdagane i haust.
UTDANNINGSPRISEN
Utdanningsprisen har som hensikt å stimulere fagmiljøa ved høgskulen til å arbeide med å vidareutvikle kvaliteten på utdanningane sine og motivere dei tilsette til å bli meir opptekne av arbeidet med utdanningskvaliteten.
─ Vi har mange dyktige og kreative tilsette som har vist evne til å utvikle nye studium og nye måtar å undervise på. Så også her bør det også vere potensiale for gode kandidatar, seier Kjøde Jr.
Prisen kan tildelast einskild personar eller ei gruppe frå ein eller fleire avdelingar ved HVO. Prisen er på kr. 30 000, og skal nyttast til tiltak som fremjar studiekvalitet av fagleg-pedagogisk karakter og andre tiltak som styrkjer utdanningskvaliteten. Alle tilsette, studentar og formelle organ ved høgskulen kan fremje kandidatar til prisen. Framlegg til kandidatar skal sendast til styret ved høgskuledirektøren innan utgangen av mai.