Fredag opnar Forskingsdagane 2004
Forskingsdagane 2004 er ein nasjonal festival med over 1000 arrangement. I Volda har vi åtte ulike arrangement frå 20. til 26. september.
Tre ulike seminar står på programmet, og det første finn stad på Høgskulen i Volda måndag 20. september. Temaet for seminaret er inkludering av flyktningar i lokalmiljøa. Innleiarane på seminaret kjem både frå forskingsmiljøet i Volda og frå praksisfeltet.
To av dei, høgskulelektor Ingun Klepp og innvandrarkonsulent Nina Kvalen, har vore med på prosjektet ”Etnisitet og mangfald i Møre og Romsdal”, som vart gjennomført av Møreforsking Volda på oppdrag frå Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Tid: Måndag 20. september, kl. 12.00-15.30
Stad: Hans Strøm-huset, rom 243
Programmet i kortform ser slik ut:
- Jostein Bjørndal: Møte med flyktningar i og etter ein krigssituasjon
- Neil Le Clercq: Erfaringer med inkludering av innvandrere i det lokale miljøet og bosetting fra asylmottak
- Nina Kvalen: Erfaringer med samarbeid mellom ulike aktører i arbeidet med introduksjonsprogram
- Ivar Ulvestad: Opplæring som integreringsverkty
- Ingun Klepp: ”Må vi bli like nordmenn for å bli integrerte?” Minoritetsperspektiv på møte med norske lokalsamfunn
Meir informasjon om dette seminaret og resten av programmet for Forskingsdagane 2004 finn de på www.hivolda.no/forskingsdagane
Seminaret er fyrst og fremst retta mot folk i kommunane som arbeider med flyktningar, men det er også ope for andre interesserte. Vi håpar dette også kan vere interessant for både tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda. Dei som vil delta, finn påmeldingsskjema på heimesidene (sjå ovanfor).