FoU-prisen 2022: – Prisvinnaren har løfta forskinga ved avdelinga

Tekst: Per Straume , Foto: Karl August Swanstrøm

- Oppdatert

Forskingsdagane 2022 ved Høgskulen i Volda vart opna fredag med utdeling av FoU-pris til Helga Synnevåg Løvoll.

Under Forskingsdagane 23.september - 1.oktober 2022 kan du mellom anna få med deg Livet i havet-arrangement ved Runde Miljøsenter, biletforedrag om Shetlandsfararar i Fosnavåg, filmvising ved Hjørundfjord Filmteater på Sæbø og boklansering og omvising på Bjørkedalen.

Det er stikkord for berre nokre av dei over 20 arrangementa under Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda (HVO) i år. Den offisielle opninga av Forskingsdagane fann stad fredag 23. september i biblioteket med utdeling av FoU-prisen ved HVO for 2022 til professor Helga Synnevåg Løvoll.

Sjå programmet for Forskingsdagane her.

Viktig i utviklinga av forsking

Målet med FoU-prisen er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats.

I tildelinga la høgskulestyret mellom anna vekt på at Helga Synnevåg Løvoll har vore tilsett i mange år ved Avdeling for kulturfag og har gjennom desse åra bidrege til å løfte denne avdelinga innan FoU-området. Løvoll disputerte i 2016 ved Universitetet i Bergen, og har særleg dei siste åra hatt ei fin utvikling innan forskingsverksemda si. Løvoll fekk godkjend opprykk til professor i mars 2022. 

Løvoll har mellom anna teke på seg doktorgradsrettleiing for doktorgradsstipendiatar ved Avdeling for kulturfag, ho har bidrege til søknadsskrivinga for andre stipendiatar ved Avdeling for kulturfag, og ho er ansvarleg for forskingsdelen av prosjektet «Future skills» i høgskulen sin Utviklingsavtale med Kunnskapsdepartementet.
 

Del på