FoU-prisen 2011 til Historisk institutt
HVO-styret tildelte på møtet 9. juni FoU-prisen for 2011 til Historisk institutt ved Avdeling for samfunnsfag og historie (ASH). Det er første gongen prisen går til eit fagmiljø, tidlegare er det enkeltpersonar som har fått prisen. FoU-prisen til fagmiljø er på 50.000 kr og vert utdelt under Forskingsdagane til hausten.
Tekst: FoU-leiar, Reidun Høydal
Eit utval av vinnarane av FoU-prisen frå Historisk institutt ved ASH utanfor Berte-Kanutte-huset. (foto: Helle Nærø)
I grunngjevinga for pristildelinga la styret vekt på at instituttet har høg fagleg kompetanse og stor forskingsaktivitet på område som er viktige for HVO. Instituttet har gjennom oppdragsforsking og frie forskingsmidlar tilført høgskulen vesentlege ressursar. Det gjeld arbeid for offentlege oppdragsgivarar, fylkeshistorie og lokalhistorie, det gjeld institusjonshistorie og historie knytt til regional utvikling og næringsliv. Mest omfattande er det strategiske høgskuleprosjektet (SHP) Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn. Av eksternt finansierte prosjekt dei siste 10 åra, er det naturleg også å nemne historia om havfiskeflåten (ferdig 2006), bygdeboksarbeid (Lesja, Volda, Sula, Lom), bidrag til Vestlandshistoria, arbeidet som no er i gang med Norges fiskeri- og kysthistorie og den nye Norgeshistoria som kjem til hausten.
Arbeid som er finansierte gjennom interne FoU-midlar femner vidt, frå middelalderhistorie til nyare internasjonal politikk, frå metodespørsmål i lokalhistorisk arbeid til spørsmål om lokal og nasjonal identitet, afrikansk slaveri, velferds- og misjonsarbeid, kulturmøte og kvinneperspektiv.
Ved Historisk institutt er det no 12 fagleg tilsette, av desse fem professorar, fire førsteamanuensar og tre stipendiatar:
Atle Døssland – Professor
Brynjulv Gjerdåker – Professor
Jens Johan Hyvik – Førsteamanuensis/post.doc.
Arnfinn Kjelland – Førsteamanuensis
Harald Krøvel – Stipendiat
Arnljot Løseth – Professor
Oddbjørn Melle – Professor
Inger Marie Okkenhaug – Førsteamanuensis
Hans Jacob Orning – Professor
Marte Bogen Sinderud – Førsteamanuensis
Harald Endre Tafjord – Stipendiat
Mette Vårdal – Stipendiat