FoU-prisen for 2008 til forskar Finn Ove Båtevik
FoU-prisen ved Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda går i år til forskar II ved Møreforsking Volda, Finn Ove Båtevik. Prisen, som er på 30.000 kr, skal delast ut under Forskingsdagane i slutten av september. Det var styret for Høgskulen som tildelte prisen på møtet 5. juni, og av grunngjevinga går det fram at det er ein særs allsidig forskar som får prisen i år. Høg kvalitet og stor fleksibilitet er særtrekk ved Båtevik som forskar.
Båtevik er geograf og tok doktorgraden i 1994 på ei avhandling om pendling, flytting og regional utvikling. Han vart tilsett ved Møreforsking Volda alt i 1991, og har arbeidd der sidan.
Høg kvalitet
Å arbeide med oppdragsforsking er krevjande på mange måtar. Med fleire parallelle prosjekt går søknadsskriving, rapportskriving, feltarbeid og anna datainnsamling ofte om kvarandre. Rammene for arbeidet er som regel tronge, både økonomisk og tidsmessig. Vilkåra for akademisk fordjuping er såleis ikkje dei beste. Trass i dette har Finn Ove Båtevik levert mange vitskaplege arbeid av høg kvalitet. I perioden frå han tok doktorgraden til og med 2007 har han medverka til fem artiklar i vitskapelege antologiar og 14 i vitskapelege tidsskrift.
Ein miljøbyggjar
Finn Ove Båtevik har alltid vore villig til å arbeide allsidig og bruke den breie kompetansen sin til beste for institusjonen. Han har arbeidd med prosjekt knytt til begge Møreforsking Volda sine satsingsområde: Velferd og regionalforsking. Berre på nokre få år har han gjennomført prosjekt innanfor så forskjellige område som tiltak for funksjonshemma, nærbutikken si rolle i lokalsamfunnet og evaluering av einskapsfylket Møre og Romsdal.
Finn Ove Båtevik har i svært stor grad vore villig til å setje, om nødvendig, eigne faglege preferansar og ambisjonar til side for å arbeide for Møreforsking sine mål. Han viser også i all si ferd at han er ein mann som kan å samarbeide. Han har arbeidd og publisert saman med tidlegare Møreforskarar, no høgskuletilsette som Kåre Heggen, Rune Kvalsund, Jon Olav Myklebust og Jørgen Amdam. I tillegg og samstundes med dette nyttar han tid og ressursar til å inkludere og hjelpe fram nye medarbeidarar ved Møreforsking Volda.
Forsking får følgjer
Finn Ove Båtevik har sin styrke først og fremst i si gjennomføringsevne knytt til prosjekt og som ein intern miljøbyggar. Men han syner att også utanfor Volda, og forskinga hans får følgjer. Eit aktuelt eksempel på dette er Møreforsking Volda og Båtevik sitt arbeid knytt til MERKUR-programmet og nærbutikken si rolle i lokalsamfunnet. Gjennom rapportar, kronikkar, avisoppslag og nettverksbygging har det som i utgangspunktet var eit lite evalueringsoppdrag, blitt til nasjonal regionalpolitikk.
Finn Ove Båtevik blir gratulert av Else Ragni Yttredal, administrativ leiar ved Møreforsking Volda. (Foto: Marit Eliassen)