FoU-prisen for 2007 til Peder Haug
Peder Haug, som er professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, fekk i dag tildelt FoU-prisen for 2007. I grunngjevinga for prisen vert det sagt at prisvinnaren har levert forsking av høg kvalitet, med relevans for lærarutdanningane og andre utdanningar ved høgskulen. Forskinga har ikkje minst fagleg relevans for praksisfeltet, som til dømes det pågåande prosjektet Kvalitet i opplæringa, finansiert av Noregs forskingsråd.
![]() | Professor Peder Haug er ein av dei mest aktive forskarane i Noreg på området spesialundervisning og tilpassa opplæring. Peder Haug sit i det regjeringsoppnemnte utvalet som skal vurdere spesialundervisninga og det statlege spesialpedagogiske støttesystemet. Han var også forskingsleiar for Program for evaluering av Reform 97, i regi av Forskingsrådet. Denne evalueringa har truleg vore den største samla satsinga på forsking om grunnskulen nokon gang i Noreg. Evalueringa av Reform 97 har gitt viktig innsikt i korleis det står til i grunnskulen. Peder Haug publiserer mykje i vitskaplege publiseringskanalar, og han driv aktiv formidling av forskinga i meir allmenne- og målretta kanalar (konferansar på ulike nivå, aviser, media elles). Han er utoverretta i formidlinga, og markerer seg og Høgskulen i den offentlege debatten. Høgskulen i Volda har fått tildelt mange store, viktige og eksternt finansierte prosjekt med Peder Haug som forskingsleiar. |