Forskingsprisen er oppretta i voldamiljøet
- Det føregår mykje spennande FoU-arbeid av høg kvalitet i voldamiljøet, og dette vil vi løfte fram og synleggjere, melder FoU-leiar Reidun Høydal. No har Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda oppretta ein FoU-pris på kr 30.000 for enkeltperson og kr 50.000 for eit fagmiljø.
- Alle kan vere med og nominere kandidatar til prisen, fortel Høydal. Fristen for å senda inn framlegg er fredag 28. april, og framlegga skal sendast til styret for Høgskulen i Volda ved høgskuledirektøren.
- Vi vil at både studentar, tilsette, formelle organ ved HVO og MFV, brukarar med fleire skal vere med å nominere.
Retningslinjer for tildeling
- Alle framlegg skal vere grunngjevne og syne kva for eigenskapar ved personen eller FoU-miljøet som bør heidrast, forklarar Høydal.
Framlegga bør ta utgangspunkt i Retningslinjer for tildeling.
Les meir på www.hivolda.no/fou