Forskingskoordinatoren på plass
Rett etter nyttår tok Reidun Høydal til i stillinga som forskingskoordinator. Dette er ei felles stilling mellom Høgskulen i Volda (70%) og Møreforsking Volda (30%).
Forskingskoordinatoren vil saman med FoU-konsulenten arbeide for å legge til rette for forskings- og utviklingsarbeid.
Viktige arbeidsoppgåver for forskingskoordinator vil m.a. vere:
- hjelp til utvikling av idear til nye forskingsprosjekt
- kople saman folk og idear
- koordinere søknadsprosessar
- stimulere til tverrfagleg samarbeid
- medverke til å utvikle gode strukturar for FoU, m.a. forskingsgrupper
Reidun Høydal er cand. philol. med hovudfag i historie. Ho kjenner forskingsmiljøet i Volda godt, då ho tidlegare har vore forskingskoordinator ved HVO/MFV. Det siste året har ho vore tilsett som forskar ved Møreforsking Volda.
Korleis kome i kontakt med forskingskoordinator?
Den endelege kontorplasseringa er enno ikkje klar, så inntil vidare vil Reidun Høydal ha kontor på Møreforskingspaviljongen. Du kan nå henne på tlf.nr. 70 07 52 09, på e-post: [email protected] eller stikke innom kontoret hennar.