Forskingsdagane: Brukaren, Helse Sunnmøre og framtida
Korleis endrar Helse Sunnmøre HF seg for å møte utfordringane i framtida? Dette er utgangspunktet for eit kveldsseminar i regi av brukarutvalet ved Helse Sunnmøre HF, KPI og Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda torsdag 23. september. Dei mange innlegga på seminaret vil til saman gi eit bilete av korleis eit moderne helsevesen tenkjer.
Seminaret er ein del av Forskingsdagane 2004, som vert arrangert over heile landet denne veka.
Tysdag kveld vart seminaret ”Brukaren, Helse Sunnmøre og framtida” halde på Høgskolen i Ålesund. Jan Ole Bolsø var til stades på seminaret i Ålesund og kan fortelje om mange spanande foredrag:
– Eit foredragshaldar som verkeleg gjorde inntrykk, var overlege dr. med. Lars Ottestad med temaet ”Legevitenskap og helsevesen”. Dette var ei lærerik oppleving, og han klarte på ein flott måte å leie forsamlinga frå Hippokrates via den moderne legevitskapen sitt skilje mellom kropp og sjel inn i eit djupdykk i cellene og kreftcellene si verd. Mot slutten vart vi tatt med tilbake til kvardagen med eit fokus på de psykiske problema ein kreftdiagnose fører med seg – ikkje berre for den sjuke, men også for familie og vener. Eg trur eg vil seie det så sterkt at den som ikkje får med seg dette foredraget, bør verkeleg angre, seier Bolsø.
Dr. med. Lars Ottestad
Det stod i god samanheng med andre overbyggjande foredrag av direktør Astrid Eidsvik, leiar av Brukerutvalget Astrid Årø Engen og gode innspel om skog, meistring og Lærings- og meistringssenteret. Når ein i Volda i tillegg set fokus på mat og matglede både gjennom øyre, munn og mage, så bør mange nytte torsdagskvelden til påfyll både for kropp og sjel. Det vil dei ikkje angre på.
Tid: Torsdag 23. sept. kl. 18.00-21.00
Stad: Berte Kanutte-huset, store aud.
Meir om programmet på http://www.hivolda.no/index.php?ID=12950