Forskingsdagane 2010: Er dorullforming kvalitetskunst?
I kunst- og designfag er kvalitet eit velbrukt ord, og fagfolk deler villig vekk vurderingar av god eller dårlig kvalitet. Kva eigenskapar viser dei eigentleg til? spør Karen Brænne i si doktorgradsavhandling, som vert presentert under Forskingsdagane i Volda.
Vi har høyrt vurderingar av typen "Det har kvalitet" eller "Det har dårleg kvalitet". Korleis vert desse kvalitetsdomane etablerte? Og kva eigenskapar viser dei eigentleg til?
Karen Brænne. Foto: Audun Berdal.
Karen Brænne har undersøkt dette i doktorgradsavhandlinga "Mellom ord og handling. Om verdsetjing i kunst- og handverk" (2009). Med utgangspunkt i kunst- og handverksfaget i ei norsk allmennlærarutdanning har ho sett nærare på korleis lærarar og studentar vurderer og verdset fagleg kvalitet.
I foredraget sitt vil Karen Brænne vil snakke meir om funna ho gjorde i doktorgradsarbeidet sitt.
Tid: Torsdag 30. september kl. 14.00–14.45
Stad: Henrik Kaarstad-huset, rom 204 (gamle festsal)
Gå til nettsida for Forskingsdagane i Volda, www.hivolda.no/forskingsdagane