FORSKINGSDAGANE 20.-29. SEPTEMBER 2013

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Forskingsutvalet ved Høgskulen i Volda har i tillegg foreslått å markere at 2013 er Språkåret, og at det er 100 år sidan det vart innført røysterett for kvinner. Det er også stort rom for engasjerte einskildforskarar og forskingsmiljø til å lage arrangement på eigne tema.
Marit Gridseth Flø er engasjert som forskingskonsulent med ansvar for å planlegge arrangementet. Ho får støtte i dette arbeidet frå forskingsrådgivar Johann Roppen og Sunniva Selena Bolseth på kontoret for etter- og vidareutdanning.

Avdelingane på høgskulen vil i tida framover få besøk av Marit og Johann. Dei ønskjer å få fram og diskutere idèar til arrangement som kan profilere forskinga på høgskulen på ein god måte. I fjor vart mange av arrangementa strømma på nettet, og det er aktuelt også i år. Planleggingsgruppa håper at mange av arrangementa vil vere relevante for undervisning, slik at dei kan innarbeidast i undervisningsplanane for hausten. Gruppa håper difor at arrangementa kan spikrast så tidleg at dei kan få plass i planane.

Her er tilbakeblikk på Forskingsdagane 2012

Hovudside for forskingsdagane

c8765a45fe07ad80110304a29e2e10c7bc4e0e96
Forskingsdagane 2013 har fått si planleggingsgruppe. Frå venstre: Marit Gridseth Flø, Johann Roppen og Sunniva Selena Bolseth.

Del på