FORNY-midlar på 200.000 kroner til HVO
Saman med høgskulelektor Bjørn Gunnar Tafjord er også førsteamanuensis Nathalie Homlong og amanuensis Jan Driveklepp med i prosjektgruppa.
FORNY-programmet i Noregs forskingsråd har som mål å få kunnskapsmiljø som høgskular og forskingsinstitutt til å forske på og utvikle idear og kunnskap som kan kommersialiserast.
- I år søkte Høgskulen i Volda for første gong om såkalla infrastrukturmidlar, det vil seie midlar til tiltak som skal kartlegge HVO sitt potensiale for kommersialisering av FoU-resultat og byggje ein sterkare kultur for kommersialisering av kunnskap gjennom på sikt å etablere eit Senter for innovasjons og entreprenørskap, forklarar Tafjord.
- Dette skal vi gjere som del av den større paraplyen FORNY Møre, som er eit samarbeid mellom dei tre høgskulane i Møre og Romsdal, og der også fylket er involvert med ein større sum.
Du kan lasta ned søknaden frå Høgskulen i Volda til Noregs forskingsråd. (pdf.fil)