Folksam avslutning av Forskingsdagane på Brandal
| - Vi er godt nøgde med at vi kunne ha avslutninga på Ishavsmuseet. Det passar svært godt sidan polaråret er hovudtema for årets Forskingsdagar. |
Suksess med foredrag på radio
Over halvparten av arrangementa i år var lagt utanfor høgskulen, og det er første gong vi har hatt med så mange ulike arrangørar.
Vi har dei siste åra fått til eit godt samarbeid med Volda bygdetun og Eldreuniversitetet i Volda, og i år fekk vi også med oss Ivar Aasen-tunet, Bygderadio Vest og Ishavsmuseet på Brandal. Dessutan stod studentane sjølve – ved Studenttinget i Volda (STIV) – for eit eige arrangement på Rokken. Dei hadde valt å fokusere på klima- og miljøproblematikken og inviterte til miljødebatt. Tre politikarar var debattantar, og arrangørane kunne melde om fullt hus og godt engasjement.
Sigurd Allern, Sigurd Høst og Paul Bjerke (bak) får omvisning på Sivert Aarflot-museet etter dagsseminaret "Kva er vitsen med journalistikk?" under Forskingsdagane.
Les meir på www.hivolda.no/forskingsdagane
Du kan også lesa Janita Mo sin rapport frå Ishavsmuseet. Ho er student ved Bachelorgradsstudiet i Informasjon og Media.