Solid HVO-stempel på Fjordantologien 2024
Den tverrfaglege Fjordkonferansen resulterer kvart år i utgivinga Fjordantologien. Årets antologi, «Samarbeid», er redigert av fem forskarar ved Høgskulen i Volda (HVO).
Kvart år under Fjordkonferansen blir årboka Fjordantologien lansert som eit resultat av fjorårets konferanse. Under konferansen i Loen 6.–7. juni i år blei dermed Samarbeid: Fjordantologien 2024 presentert, som den tolvte i rekkja av årbøker frå konferansen.
Samarbeid: Fjordantologien 2024 baserer seg på konferansetemaet og dei innsende bidraga til Fjordkonferansen 2023. Årboka blir gitt ut på Universitetsforlaget, og heile antologien kan lesast fritt med open tilgang her.
Boka tematiserer korleis samarbeid er avgjerande for ei god samfunnsutvikling, men ofte utfordrande på grunn av sårbarheit, uforeinlege mål og konkurrerande interesser. Gjennom 19 kapittel utforskar boka tre sentrale spørsmål: (1) kvifor samarbeid er nødvendig, og kva utbytet kan vere, (2) kva utfordringar som kan oppstå i forsøk på å samarbeide, og (3) kva som krevst for å lukkast med samarbeid.
Kapitla belyser spørsmåla på ulike nivå – frå framtidas kompetansebehov i lys av FNs ambisiøse berekraftsmål til konkrete behov for samarbeid i lokalt utviklingsarbeid. Fleire kapittel ser på korleis kultur, relasjonar og institusjonar påverkar utfallet av samarbeid.
- Les meir om forsking ved HVO her.
Mange bidragsytarar frå HVO
Fjordantologien er i år redigert av fem forskarar ved Høgskulen i Volda (HVO): dosent Lars Julius Halvorsen, professor Finn Ove Båtevik, professor Bjarte Folkestad, professor Helga Synnevåg Løvoll og professor Roar Stokken.
– Fjordkonferansen er eit godt døme på vellykka samarbeid mellom seks fagmiljø på Vestlandet. Sånn sett var det på høg tid at vi sette eit fagleg søkjelys på samarbeid, seier ein av redaktørane, dosent Lars Julius Halvorsen ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag.
Det er også rikeleg med HVO-bidrag blant artiklane i antologien – i 9 av dei 19 kapitla bidreg HVO-forfattarar:
- Kapittel 1: «Samarbeid – viktig, men vanskelig», av redaktørane Lars Julius Halvorsen, Finn Ove Båtevik, Bjarte Folkestad, Helga Synnevåg Løvoll og Roar Stokken.
- Kapittel 2: «Creative action competence relies on collaboration: A systematic review of 21st-century skills across sectors» av Helga Synnevåg Løvoll og Violeta Lozano Botellero (tidlegare HVO).
- Kapittel 3: «’Når elevar slit med noko, er ofte det første som skjer at dei kutter ut gymmen’. Erfaringar med kroppsøvingsfaget som inngang til tverrprofesjonelt samarbeid i skulen» av Ellen Andenes, Finn Ove Båtevik og Kjetil L. Høydal.
- Kapittel 5: «Kommunikasjonsstudentar i praksis – ei kartlegging av arbeidsoppgåver» av Berete Brenne og Kristian Fuglseth.
- Kapittel 8: «Frå einsam sak til praksisfellesskap. Kollegasamarbeid knytt til førstelektorprogrammet» av Gro Anita Bårdseth, Birgitte Fondevik, Steinar Høydal, Silje Ims Lied, Bjørn Smestad og Odd Helge Mjellem Tonheim.
- Kapittel 9: «Å bære sprikende staur. En casestudie av offentlig–privat samarbeid om reiselivsutvikling» av Dag S. Roland og Lars Julius Halvorsen.
- Kapittel 13: «Kompetanse for deltaking i samskaping» av Roar Amdam.
- Kapittel 17: «Utvikling i samarbeidskultur etter samanslåing av høgskular» av Leif Longvanes, Jon Gunnar Nesse (HVL) og Torbjørn Årethun (HVL).
- Kapittel 18: «Samarbeid for folkehelse – ein casestudie av StikkUT!-ordninga» av Finn Ove Båtevik og Ellen Strøm Synnevåg.
– Artikkelforfattarane har gjort ein solid innsats, og redaktørane har samarbeidd godt. Både redaksjonen og Universitetsforlaget er godt nøgde med årboka, understrekar Halvorsen.
Pris for beste artikkel til HVL-forskarar
I samband med den årlege lanseringa under Fjordkonferansen blir også eit av bidraga i boka tildelt Sparebanken Møres pris for beste artikkel.
I 2024 gjekk prisen til Atle Hole Sæterbakken, Vidar Andersen og Tom Erik Solstad, alle frå Høgskulen på Vestlandet (HVL), for artikkelen «Forskningsintegrert undervisning: et samarbeid med å implementere forskningsmetode fra bachelor- til masterutdanning».