Fire vidareutdanningstilbod for lærarar i KfK
Høgskulen i Volda skal tilby fire vidareutdanningstilbod for lærarar i dei neste 3 åra innanfor strategien Kompetanse for kvalitet (KfK). – I alt betyr dette 170 nye vidareutdanningsplassar for lærarar i faga kunst og handverk, programmering og spesialpedagogikk, seier seniorrådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for lærarutdanning.
Kompetanse for kvalitet er ei satsing frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. Strategien er utvikla i eit samarbeid mellom KS, arbeidstakarorganisasjonane, lærarutdanningane og Kunnskapsdepartementet. Målgruppene for vidareutdanningstilboda er lærarar i grunnskulen og vidaregåande opplæring, lærarar som underviser vaksne på desse nivåa og lærarar i kulturskular.
– Utdanningsdirektoratet fekk inn 89 søknader om å utvikle og tilby vidareutdanningstilbod innan KfK. UDIR ga tilsegn til 25. Høgskulen i Volda fekk såleis god utteljing, seier Bakken som legg til at det vart søkt om å få tilby sju tilbod – to i naturfag, to i programmering, kunst og handverk, musikk og spesialpedagogikk.
Dei fire tilboda med 170 studieplassar som vert starta opp hausten 2019 er:
- Programmering 1.-7. trinn med kapasitet 50 studieplassar
- Programmering 5.-10. trinn med kapasitet 50 studieplassar
- Kunst og handverk 1 1.-10. trinn med kapasitet 35 studieplassar
- Spesialpedagogikk 1 1.-10. trinn med kapasitet 35 studieplassar
Spesialpedagogikk
– Det er særs viktig for regionen og HVO at vi har fått tildelt 30 studiepoeng vidareutdanning i spesialpedagogikk. Dette er noko som vert etterspurt ute i praksisfeltet og som lærarar kjenner er utfordrande i lærargjerninga. Tilbodet har utgangspunkt i to emne, læringsmiljø og åtferd og språk og leseutvikling. Tema på begge emna treff nasjonalt fokus og satsingar. I stor konkurranse om 3-4 tilbod vart Volda ein av tilbydarane og det gjer meg stolt og glad.
Programmering
Programmering er eit nytt fag, og ei strategisk satsing i lærarutdanningane i Volda.
– Programmering er eit nytt heilt nettbasert på 15 studiepoeng. Her var det også mange tilbydarar og UDIR skulle velje 3-6 tilbod. Faget har vore pilotert på Høgskolen i Østfold, Høgskulen på Vestlandet og NTNU. At UDIR vel oss som tilbydar i dette faget gler meg stort, også relatert til den store satsinga vi har på digitalisering i grunnskulelærarutdanninga. Tilbodet har vorte utvikla i samarbeid mellom DKL-miljøet på Avdeling for mediefag og Institutt for realfag ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Det syner at vi arbeider godt på tvers av avdelingane og samarbeider stadig om nye spanande prosjekt, seier Bakken.
Kunst og handverk
– Det er eit stort behov for vidareutdanning innanfor kunst og handverk. Vi er glade for at UDIR tar faget vårt på alvor. I søknaden vi sende inn la vi vekt på å tenkje framover og fornying av faget i høve til den nye læreplanen. Sentrale moment er digital kompetanse i kunst og handverk, handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing, seier seksjonsleiar Janne Heggvoll ved Seksjon for kunst og handverk ved Avdeling for kulturfag.
Stipendordning
Lærarar som ønskjer å ta vidareutdanning innanfor KfK kan få stipend på kr 110 000 for å ta 30 studiepoeng. Stipendet kjem i tillegg til vanleg inntekt. Nokre vel ei vikarordning. Tek ein 30 studiepoeng i løpet av eit studieår kan ein frigjerast 37,5 prosent av full stilling. Tek du eit tilbod som gir færre studiepoeng skal ein frigjerast mindre.