Festspelseminar om minoritetsspråk, bibelomsetjing og litteratur
I samband med hundreårsjubiléet for den første bibelomsetjinga til nynorsk inviterer Høgskulen i Volda og Dei nynorske festspela til eit fagleg seminar måndag 14. juni 2021.
Kort tid etter at Ivar Aasen hadde lagt fram dei første skriftene om landsmålet, kom det freistnader på å bryte med den danske omsetjinga av bibeltekstane. Men først i 1921 kunne Studentmållaget i Oslo gi ut den første heile Bibelen på nynorsk. Han fekk tilnamnet Fyrebilsbibelen («den foreløpige Bibelen») fordi den ikkje heilt og fullt var basert på ei vitskapleg omsetjing frå grunnteksten. Mange av dei bibelske skriftene var i staden baserte på moderne omsetjingar til andre skandinaviske språk. Utgåva har også vorte kalla Studentmållagsbibelen eller Seippel-bibelen.
– Å få på plass ein nynorsk bibel var ei storhending i samtida og ein viktig milepåle i arbeidet for å gjere nynorsk til eit samfunnsberande språk. Historia om den første nynorskbibelen blir ekstra imponerande av di arbeidet blei leia av studentar i Studentmållaget i Oslo, seier professor Per Halse ved Institutt for religion og livssyn.
Kopling til Volda
– Fleire av dei som arbeidde med å realisere den første Bibelen på nynorsk, hadde vore elevar i dei to første kulla ved gymnaset i Volda. Ein annan som var med i arbeidet, var Lars Tjensvoll som seinare vart prest i Volda frå 1930 til 1958, seier Halse.
Seminaret
På seminaret måndag 14. juni skal innleiarar med ulik bakgrunn halde innlegg om Fyrebilsbibelen og tilgrensande tema.
Professor Per Halse skal halde eit foredrag om bibelarbeidet i Studentmållaget i Oslo mellom 1916–1921, medan professor Jan Inge Sørbø vil fortelje om tilhøvet mellom Bibelen, kyrkjespråket og nynorsklitteraturen.
Den sørsamiske språkformidlaren Meerke Krihke Leine Bientie skal fortelje om bibelomsetjing til sørsamisk, og professor Anders Aschim skal ta for seg konkrete problem og dilemma i arbeidet med den nynorske bibelomsetjinga.
Forfattar Inger Bråtveit skal snakke om røynslene sine frå då ho og andre skjønnlitterære forfattarar var med på omsetjinga av bibelutgåva som kom i 2011.
Seminaret blir avslutta med ein panelsamtale mellom Anders Aschim, Jan Ove Ulstein, Meerke Krihke Leine Bientie og Inger Bråtveit om bibel, omsetjing og litteratur.
Program og påmelding
Seminaret går føre seg på Høgskulen i Volda i Berte Kanutte-huset, store auditorium kl. 0900–1600. Det blir òg mogleg å delta digitalt.