Fagdag om digitale verkty i undervisninga
Høgskulen i Volda (HVO) har utvikla mange fleksible studietilbod på nett med god søkning. Undervisning på nett blir også meir sentralt i profesjonsutdanningar på deltid. Døme på dette er arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU). HVO har også sett i gang distanseovergripande undervisningssamarbeid i grunnskulelærarutdanninga i UH-nett Vest regi.
Høgskulen i Volda (HVO) har utvikla mange fleksible studietilbod på nett med god søkning.
I åra framover vil vi vidareutvikle digitale undervisnings- og vurderingsformer. Dette stiller nye krav til både pedagogisk kompetanse og til infrastruktur og støttefunksjonar. Vi inviterer no til ein fagdag om bruk av digitale verkty i undervisninga. Der vil vi både sjå framover på dei muligheitene som desse verktya gir oss og vise fram gode døme på kva vi allereie gjer på HVO i dag. Vi har også invitert deltakarar får Høgskolen i Molde, studentane og eksterne brukarar.
Fagdag – digitale verkty i undervisninga
Tid: 14. november frå kl. 1215 til kl. 1515 Stad: Berte Kanutte-huset, store auditorium.
Program
- Velkomen ved rektor
- «Frå Voldens Privatseminarium til www.hivolda.no», Pål Hamre, AHL
- Døme på kva som skjer på HVO: Arnfinn Kjelland, Historisk institutt
- Pause
- Karen Brænne og Synnøve Moltudal, AKF
- Øyvind Halse, Institutt for realfag
- Bruk av MOOC ved Høgskolen i Molde, Per Kristian Rekdal
- Brukarsynspunkt på bruk av digitale verkty i undervisninga: Studentrepresentant
- Representsant frå MAFOSS
Diskusjon