Europeiske forskingsmidlar til topprangert prosjekt

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

04632d22b13bc764168fd263598f49852d241fda
Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr. signerar avtalen. Til høgre FoU-rådgivar Johann Roppen og prorektor Marie Nedregotten Sørbø.

For andre gang utlyste Humanities in the European Research Area (HERA) midlar, denne gong med kulturmøte som tema.  Dei mottok i alt 590 søknadar, og av dei får berre 18 finansiering. Travelling Texts 1790-1914: The Transnational Reception of Women’s Writing at the Fringes of Europe er rangert i toppen av desse. I evalueringa av søknaden står det mellom anna at “prosjektet har potensialet til å ha avgjerande innverknad på litteraturfaget”. Prosjektet er eit samarbeid med fire andre europeiske land, og er tildelt til saman 1 million euro. Nærare 1,2 millionar kroner går til HVO.

Forskarane er frå Storbritannia, Noreg, Nederland, Finland og Slovenia. Hensikta er å forske meir på korleis kvinners skriving i dei store kulturane som England, Tyskland og Frankrike blei mottatt i dei små landa dei hentar litteraturen i frå. Prorektor ved HVO Marie Nedregotten Sørbø er Noreg sin hovudforskar i prosjektet.

Forskarane er blitt kjende gjennom det tidlegare COST-prosjektet Women Writers In History: Toward a New Understanding of European Literary Culture, som har pågått dei fire siste åra. HVO har hatt den eine av dei to norske styremedlemmene i dette, UiO den andre.

Prosjekt er treårig og har start 1.september og 30.september er det ein oppstartskonferanse i Dubrovnik der alle dei 18 finansierte prosjektgruppene møter.

Del på