Den aktuelle kyrkjesituasjonen

Professor II, Andreas Aarflot, vil halde ei profilforelesing med tittelen <B>Refleksjonar omkring <br>
den aktuelle kyrkjesituasjonen</B> onsdag 20/9 kl. 1215-1500 i <br>
Berte Kanutte-huset.

Aktuelt om den kyrkjelege situasjonen!
Andreas Aarflot er professor II i kyrkjerett ved Institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda. Det er ei deltidsstilling, så det vert berre nokre turar til Volda kvart semester. Han er og ein del opptatt med kurs og undervisning i kyrkjerett fleire andre stader i landet i regi av HVO.

Men komande onsdag er han i Volda, og skal då halde ei profilforelesing om eit emne som mange er opptekne av. Han har kalla det "Refleksjonar omkring den aktuelle kyrkjelege situasjonen." Frå hans ståstad som professor i kyrkjerett, og som tidlegare biskop i Borg og i Oslo, kan ein rekne med ei spanande førelesing der det nok både vert trekte historiske liner bakover, og gitt aktuelle synspunkt på situasjonen i lys av kyrkja sin juridiske situasjon i dag. Førelesinga er open.


Profilførelesing
Professor II, Andreas Aarflot,
"Refleksjonar omkring
den aktuelle kyrkjesituasjonen".
Onsdag 20. sept., kl. 1215-1500,
Berte Kanutte Huset, vesle auditorium
Det vert høve til samtale.

Arr. Institutt for kristendomskunnskap
og kyrkjefag

Del på: