Call for papers: Urban Education 2011
Professor Rune Kvalsund ved Høgskulen i Volda leier eit europeisk forskarnettverk, Communities, families and Schooling in Educational Research, som no inviterer til å presentere forskingsartiklar til ein den årlege forskingskonferansen om utdanning, ECER. Konferansen vert i Berlin, 12.-16. sept. 2011.
Invitasjon til å presentere internasjonale forskingsartiklar
Den europeiske organisasjonen for pedagogisk forsking, EERA, inviterer til den årlege forskingskonferansen ECER i Berlin 12.-16. september 2011. Dei to første dagane er ei konferanse for stipendiatar og andre som kvalifiserer seg som forskarar (Emerging Reseachers Conference). Hovudkonferansen går resten av veka 13.-16. september 2011.
Frist 17. januar 2011
Fristen for å levere søknad om å presentere artikkel/paper er 17. januar 2011.
EERA er ei samanslutning av fleire forskarnettverk. Eit av nettverka er Communities, families and Schooling in Educational Research.
– Å delta på slike konferansar gir høve til å bli kjend med andre forskarar i Europa som har samanfallande eller utfyllande forskingsinteresser, forklarar Rune Kvalsund.
– Du får kritiske spørsmål til det du presenterer, og deltakinga kan opne dører til samarbeid om forsking og internasjonal publisering.
Interesserte blir med dette spesielt inviterte til å søke om å presentere relevante forsking i dette nettverket.
Søknadane skal skrivast på engelsk. Nettverket har medlemmar i styringsgruppa frå 5 europeiske land og er opptatt forsking på følgjande område:
- Schooling in rural and urban settings. Place based education – the community active school and environmental sustainability.
- School related transitions within a life course perspective (between home and school, phases of school or school and community/adult life)
- Family education and parenting – cultural, technological and multicultural aspects of school, family community partnerships.
- Policies and actions related to co-operation and dialogue among social actors to promote home-school-community links.
Om du er interessert i å presentere forskingsarbeidet ditt i andre EERA-nettverk på konferansen, finn du meir informasjon på nettverkssida. Her finn du også detaljar om søknadsprosess. Søknadene vert handsama innanfor kvart nettverk av medlemmane i styringsgruppa (network convenors).
Rune Kvalsund er professor ved Avdeling for samfunnsfag og historie, Institutt for sosialfag.