BOURDIEU OG VOLDA

Oddbjørn Melle held foredrag om temaet BOURDIEU OG VOLDA - Teori møter empiri.<br>

Tid: Torsdag 3. desember kl. 12.15-15.00
Stad: Rom 108 i Aasen-huset


Seminaret fokuserer på ein av dei fremste samfunnsforskarane i vår tid, franskmannen Pierre Bourdieu. Han skulle vere av interesse både for aktive forskarar og for den som konsumerer og formidlar forsking. Spesiell vekt vil i dette seminaret bli lagt på aktør/struktur-problematikken og
Bourdieus bidrag i den samanhengen. Fokuset vil ligge på nøkkelomgrepa til Bourdieu: symbolsk/kulturell kapital, habitus og felt.

Bourdieu er sosiolog og sosialantropolog med filosofisk bakgrunn. Den faglege ståstaden til innleiaren er derimot historikarens. Dette skulle vere eit teikn på at Bourdieu også er oppdaga og funnen interessant for historikarar. Men Bourdieu har gitt bidrag til hermeneutikken som må vere
av interesse for alle samfunnsfaglege felt - og langt inn på det humanistiske fagfeltet. Den siste boka hans handlar om det moderne mediesamfunnet.

Men ein historikar driv ikkje med omgrepsleik berre for den intellektuelle leikens skuld: Avslutningsvis vil Bourdieus omgrepsapparat bli kopla til eit konkret historisk forskingstema som døme på korleis Bourdieus forskingsverktøy kan generere innsikt i kvifor nettopp Volda - av den
norske nasjonalforsamlinga i 1969 - fekk seg tildelt den første distriktshøgskulen på den norske landsbygda. Denne empiriske sekvensen skulle rettferdiggjere den eksotiske koplinga av ein fransk
samfunnsteoretikar og ei norsk utkantbygd i tittelen for seminaret.

At ein møter namnet til Bourdieu i mange samanhengar er ikkje underleg når The Social Science Citation Index for 1989 sette opp denne rangeringslista over dei mest siterte franske intellektuelle: Foucault, Bourdieu, Lévi-Strauss, Derrida, Althusser, Sartre, Poulantzas, Touraine, Lacan,
Baudrillard, Boudon og Aron.


Litteratur: Den kritiske ettertanke : grunnlag for samfunnsanalyse / Pierre Bourdieu saman med Loic J.D. Wacquant ; omsett og med tillegg ved Bjørn Nic. Kvalsvik. - 2.oppl. Samlaget 1995.


Arr:
GRUK
FAKK

Del på: