Bjørg Olsen Eikrem si avhandling utgitt på tysk forlag
Eikrem disputerte i 2006, og no har doktorgradsavhandlinga hennar kome ut som bok på eit tysk forlag. I boka, som har tittelen <i>Teaching English as a foreign language in the 21st century</i>, er hovudtemaet didaktikkfeltet og engelskundervisninga i grunnskulen.
Sidan 2007 har ho vore med på eit stort forskingsprosjekt ved Høgskulen i Volda – KiO: Kvalitet i opplæringa - om tilpassa opplæring. Hovudmålet med prosjektet er å få større kunnskap om korleis kvalitet i undervisninga er forstått, praktisert og opplevd i skulen ut frå perspektiv knytt til omgrepet tilpassa opplæring.
Første del av prosjektet er ei kvantitativ datainnsamling som m.a. gir eit bilde av arbeidsmåtar og tidsbruk i fleire sentrale skulefag, også engelsk. I ein av nærstudiane i andre del av prosjektet vil Eikrem sjå nærare på engelskfaget og tilpassa opplæring.
I tillegg til Eikrem er ei rekkje HVO-tilsette frå fagmiljøa engelsk, matematikk, norsk og pedagogikk med på forskingsprosjektet.
Bjørg Olsen Eikrem:
Teaching English as a foreign language in the 21st century: Perceptions, attitudes, dilemmas, types of talk and educational needs. VDM Verlag Dr. Müller. 376 s. ISBN 978-3639150124